Våre barnehagarBarnehagen utgjer første fase i barn sitt organiserte opplæringsløp. Her blir det lagt eit viktig grunnlag for at barn skal lukkast. Sist endra 26.02.2026 15:23 Vår felles visjon i barnehagane er: «Ulike utgangspunkt - like sjansar »Barnehagane i Ullensvang har fokus på førebygging og tidleg innsats, og vi har tilsett spesialpedagogar i kvar barnehage. Barn i barnehagane i Ullensvang skal få opplevingar, erfaringar og kunnskap som gjer at dei kan byrja på skulen med tryggleik, nysgjerrigheit og tru på eiga meistring.Det blir lagt til rette for at barn får fridom til å leika, oppleva magiske augneblinkar og påverka sin eigen barndom. Læringsmiljøet skal vera utviklande for sosial og språkleg kompetanse.Ullensvang kommune har 13 barnehagar og alle er kommunale. Her finn du barnehagane våre