Logg deg inn i Foresattportalen
Når søkjer du?
- Søknad frå og med 1. januar blir handsama ved hovudopptak 1. mars.
- Søknad mellom 1. mars og 1. september blir handsama ved opptak 1. september.
Skal barnet ditt starta i barnehagen ved nytt barnehageår i august?
I hovudopptak 1. mars får barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, tilbod om plass i august. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, får tilbod om plass innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år. De kan søka frå og med 1. januar for barnehageplass påfølgande haust. Søknadar som gjeld neste barnehageår skal ikkje sendast inn før 1. januar samme år.
Skal barnet ditt starta i barnehagen mellom desember og mai?
I opptak 1. september får barn som fyller eitt år i desember, januar, februar, mars, april og mai tilbod om plass innan den månaden dei fyller eitt år. De kan søka frå 1. mars for barnehageplass frå desember.
Er de nye innbyggjarar i Ullensvang kommune?
Ved supplerande opptak mellom opptaka får barn som flyttar til kommunen plass innan 3 månader. De kan søka fortløpande.
Det blir som hovudregel ikkje teke inn nye barn i barnehagane i månadene juni og juli.
Barnet må væra 10 månader ved oppstart i barnehagen.
Slik søkjer du
For å søkje barnehageplass må du bruka vår digitale foresattportal. Du loggar på med BankID og du må ha foreldreansvar for barnet/barna du søkjer for.
Du kan få hjelp til korleis du kan bruka den digitale foresattportalen i denne Introduksjonsvideoen. Du kan og ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen ved spørsmål. Kontaktinformasjon finn du på kvar enkelt barnehage si nettside.
Du har tre val når du skal søkje barnehageplass:
- ny barnehageplass
- endra opphaldstid i eigen barnehage
- overføra plassen til annan barnehage
Svara på tilbod
Når du får tilbod om plass, får du ein e-post med beskjed om å logga deg på foresattportalen og svara på tilbodet. Du må svara på tilbodet innan fristen. Plassar som ikkje blir teken i mot vil etter fristen for svar bli tildelt til dei som har valt å stå på venteliste.
- Har du søkt før 1. mars vil du få svar i løpet av mars.
- Har du søkt før 1. september vil du få svar i løpet av september.
- Søker du fortløpande opptak får du svar fortløpande.
Du får tre val når du skal svara på tilbod om barnehageplass:
- Takk ja: Då vil du ikkje lenger stå på venteliste, og du får plassen du har blitt tilbudt.
- Takk ja, men behalde ventelisteplassen: Det kan du gjera om du fortsatt vil stå på venteliste til ein høgare prioritert plass enn den du har fått.
- Takk nei: Då blir du ståande på venteliste til plassen som er høgare prioritert enn den du har fått.
Logg deg inn i Foresattportalen