Godkjenning av barnehage

Alle barnehagar skal vera godkjende etter barnehagelova. Kommunen ved barnehagemyndigheita har ansvar for å handsama søknad frå barnehage og tilretteleggja saka, medan Utval for kultur og levekår vedtek sjølve godkjenninga.

Kva inneber ei godkjenning?

Alle barnehagar skal vera eigna for barnehagedrift ut frå barnehagelova § 1, 1a og 2. Desse paragrafane seier noko om føremålet til barnehagane og kva innhaldet skal vera. Barnehagemyndigheita er den som har ansvar for at barnehagar som skal etablerast, søkjer om godkjenning etter dette regelverket. Barnehagen skal vera godkjend før den startar opp med barnehagedrifta.

Kor lenge varer godkjenninga?

Godkjenning av ein barnehage etter barnehagelova er ei oppstartsgodkjenning og har ikkje nokon sluttdato. 

Dersom det vert planlagt endringar i ein barnehage, må dette meldast til kommunen. Kommunen vurderer då om barnehagen må søkja om godkjenning av endringane som vert planlagde. Endringane kan vera store eller små, og det blir vurdert kva dei betyr for drifta når ein avgjer om ny godkjenning er nødvendig.

Kven søkjer om godkjenning?

Det er barnehageeigar som har ansvar for å søkja om godkjenning av barnehagen. Oppgåva kan delegerast til styrar, men det overordna ansvaret ligg hjå barnehageeigar.

Kva om barnehagen ikkje vert godkjend?

Barnehagemyndigheita har plikt til å rettleia barnehagen etter barnehagelova § 10. Dersom barnehagen gir mangelfulle opplysningar ved søknad om godkjenning, vil barnehagemyndigheita rettleia om kva som må til for at opplysningane skal vera tilstrekkelege og for at krava i lovverket skal vera oppfylt.