Kva er barnehagemyndigheit?

Barnehagemyndheita gjennomfører tilsyn, rettleier og godkjenner barnehagar etter barnehagelova. Vi handsamar søknadar om dispensasjon gjeldande bemanning i barnehagane, søknadar om spesialpedagogisk hjelp for barn under skulealder og søknader om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.

Om barnehagemyndigheita

Lov om barnehager (barnehagelova) kapittel IV omtalar kva som er oppgåvene til barnehagemyndigheita. Blant anna inneber det godkjenning av barnehagar etter barnehagelova og ansvar for at kommunen gjennomfører samordna opptak og gjer prioriteringar etter lova når barnehageplassar skal tildelast. Barnehagemyndigheita har og ansvar for at foreldrebetalinga er i samsvar med lovverket. 

Vi som kommune skal ha tilsyn med barnehagane, for å sjå til at drifta samsvarer med barnehagelova. Det vil seia at barnehagane skal få tilbod om rettleiing og det skal gjennomførast tilsyn i barnehagen. Barnehagemyndigheita er den som har fått delegert ansvar for dette. 

Barnehagemyndigheita handsamar ulike typar søknadar og klager 

  • søknad om spesialpedagogisk hjelp for barn under skulealder (både dei i barnehage og dei som ikkje går i barnehage)
  • melding om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod for enkeltbarn i barnehage
  • søknad om dispensasjon for tilsette i barnehage
  • søknad om godkjenning av barnehage etter barnehagelova
  • klager vedrørande punkta over

Kommunen som barnehageeigar og tilsynsmyndigheit

Barnehagelova § 11 seier noko om kommunen som både barnehageeigar og barnehagemyndigheit. Kommunen skal organisera oppgåvene den har som barnehagemyndigheit skild frå oppgåvene som barnehageeigar, der det kan bidra til større tillit til at kommunen er upartisk og sikrar likehandsaming. Denne lovendringa om å skilja oppgåvene kom i 2021. I vår kommune er mynde-oppgåvene  gjennomgått og fordelt innanfor stillingane som  barnehageeigar og barnehagemyndigheit. 

Artikkelliste