Barnehagemynde handsamar søknad om spesialpedagogisk hjelp og melding om behov for individuelt tilrettelagd barnehagetilbod.
Kva er spesialpedagogisk hjelp og individuelt tilrettelagd barnehagetilbod?
I barnehagelova § 31 står det at barn under skulealder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særskild behov for det. Føremålet med spesialpedagogisk hjelp er å gi barn tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
I barnehagelova § 37 står det at kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagd barnehagetilbod særskild eigna for dei. Føremålet er å tilretteleggja rundt barnet, ikkje tiltak for å utvikla barnet.
Slik søkjer du
For å søkja om spesialpedagogisk hjelp, kan du få hjelp av barnehagen, dersom barnet går i barnehage. Dersom barnet ikkje går i barnehage, kan du få hjelp til dette hjå helsestasjonen. Barnehagemynde i kommunen kan og gi rettleiing om dette. Det skal vera utarbeidd ei sakkunnig vurdering frå PPT, før du kan søkja om spesialpedagogisk hjelp for barnet ditt.
Når det gjeld melding om behov for individuelt tilrettelagd barnehagetilbod, er det barnehagen som utarbeider og sender meldinga. Det er ikkje krav om samtykke frå foreldra til barnet for å få individuelt tilrettelagd barnehagetilbod, men det er krav om at foreldra får uttala seg i saka og medverka.
Søknadsfristar
Det er ikkje søknadsfrist for søknad om spesialpedagogisk hjelp og heller ikkje for å melda om behov for individuelt tilrettelagd barnehagetilbod. Dette kan gjerast gjennom heile året.
Klagerett
I vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller individuelt tilrettelagd barnehagetilbod, vil det opplysast korleis du skal gå fram, dersom du ynskjer å klaga på vedtaket. Klagen skal sendast til kommunen og vert handsama av barnehagemynde.