Rettleiing av barnehagar i kommunenBarnehagemynde har ansvar for å gi barnehagane rettleiing, for å bidra til at barnehagane vert drivne etter barnehagelova med tilhøyrande forskrifter.Kva inneber rettleiinga?Alle barnehagar skal drivast i samsvar med Lov om barnehager (barnehagelova), forskrift om rammeplan for barnehage og forskrift om bemanning og dispensasjon i barnehage. Barnehagemynde er den som har ansvar for å sjå til at barnehagane i kommunen følgjer dette regelverket, og eitt av verktøya som vert brukt for å sikra dette er rettleiing. Dette står i barnehagelova § 10.Rettleiing gjennomførast på bakgrunn av risikovurderingar som barnehagemynde gjer, som del av eit tilsyn med barnehagen eller på bakgrunn av ynskje frå barnehageeigar eller styrar i barnehagen. Kven som får rettleiing og når den vert gjennomført, avtalast mellom barnehagemynde og barnehageeigar eller styrar i barnehagen.Kva om rettleiinga ikkje fører fram?Barnehagemynde er pålagd å gjera risikovurderingar som seier noko om risiko for lovbrot, alvorsgrad og kva konsekvensar eventuelle lovbrot kan få. Ut frå desse risikovurderingane skal det vurderast kva som er det beste tiltaket å setja i verk. Dersom barnehagen har motteke rettleiing og den ikkje fører fram, vil det gjennom nye risikovurderingar verta vurdert om barnehagen treng meir rettleiing eller om det bør gjennomførast tilsyn i barnehagen.Planverk i kommunenPlan for tilsyn med- og retteleiing av barnehagar 2022-2026 (PDF, 634 kB)Lover og reglarLov om barnehager (barnehageloven) § 10