Er du ikkje nøgd med barnehagetilbodet?Er du bekymra over noko ved barnehagetilbodet? Ynskjer du å klaga på barnehagen? Ta det først og framst opp med barnehagen. Ved nokre tilfelle kan barnehagemynde vera den rette å ta kontakt med. Sist endra 28.10.2025 07:43 Ta kontakt med dei retteSom hovudregel bør du ta opp bekymringa eller klagen med styraren i barnehagen, først. Det er leiinga i barnehagen som er ansvarleg for at barnehagetilbodet følgjer lover og reglar. Eit godt samarbeid mellom barnehagen og heimen er viktig for alle partar, og barnehagen er pliktig til å samarbeida med alle foreldre og føresette. Dersom du ynskjer endringar i barnehagen eller det gjeld generelle forhold i barnehagen, kan du ta kontakt med foreldrerådet. Foreldrerådet kan ta det vidare til samarbeidsutvalet i barnehagen, som består av representantar frå både foreldre, tilsette i barnehagen og eventuelt barnehageeigar.Dersom du ikkje når fram med klagen eller bekymringa di i barnehagen, kan du ta kontakt med sektorleiar for barnehage i kommunen. Om du ikkje når fram hjå sektorleiar, kan du ta kontakt med barnehagemynde i kommunen.Lover og reglarUdir: Samarbeid mellom hjem og barnehage (Forskrift om rammeplan for barnehagen)