Godkjenning av barnehageAlle barnehagar skal vera godkjende etter barnehagelova. Barnehagemynde har ansvar for å vurdera og godkjenna barnehagane og sørgja for at barnehagane vert drivne i samsvar med lovverket.Kva inneber ei godkjenning?Alle barnehagar skal vera eigna for barnehagedrift ut frå barnehagelova § 1, 1a og 2. Desse paragrafane seier noko om føremålet til barnehagane og kva innhaldet skal vera. Barnehagemynde er den som har ansvar for at barnehagar som skal etablerast, vert godkjende etter dette regelverket. Barnehagen skal vera godkjend før den startar opp med barnehagedrifta.Kor lenge varer godkjenninga?Godkjenning av ein barnehage etter barnehagelova er ei oppstartsgodkjenning og har ikkje nokon sluttdato. Dersom det vert planlagt endringar i ein barnehage, må dette meldast til kommunen. Kommunen vurderer då om barnehagen må søkja om ny godkjenning. Endringane kan vera store eller små, og det blir vurdert kva dei betyr for drifta når ein avgjer om ny godkjenning er nødvendig.Kven søkjer om godkjenning?Det er barnehageeigar som har ansvar for å søkja om godkjenning av barnehagen. Oppgåva kan delegerast til styrar, men det overordna ansvaret ligg hjå barnehageeigar.Kva om barnehagen ikkje vert godkjend?Barnehagemynde har plikt til å rettleia barnehagen etter barnehagelova § 10. Dersom barnehagen gir mangelfulle opplysningar ved søknad om godkjenning, vil barnehagemynde rettleia om kva som må til for at opplysningane skal vera tilstrekkelege og for at krava i lovverket skal vera oppfylt. Planverk i kommunenPlan for godkjenning av barnehagar 2023-2026 (PDF, 558 kB)Lover og reglarLov om barnehager (barnehageloven) §§ 6 og 14Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) - gjeld for sakshandsaminga