Kva er barnehagemynde?

Barnehagemynde gjennomfører tilsyn, rettleier og godkjenner barnehagar etter barnehagelova. Vi handsamar søknadar om dispensasjon gjeldande bemanning i barnehagane, søknadar om spesialpedagogisk hjelp for barn under skulealder og søknader om individuelt tilrettelagd barnehagetilbod.

Om barnehagemynde

Lov om barnehager (barnehagelova) kapittel IV omtalar kva som er oppgåvene til barnehagemynde. Blant anna inneber det godkjennnig av barnehagar etter barnehagelova og ansvar for at kommunen gjennomfører samordna opptak og gjer prioriteringar etter lova når barnehageplassar skal tildelast. Barnehagemynde har og ansvar for at foreldrebetalinga er i samsvar med lovverket. 

Vi som kommune skal ha tilsyn med barnehagane, for å sjå til at drifta samsvarer med barnehagelova. Det vil seia at barnehagane skal rettleiast og det skal gjennomførast tilsyn, og barnehagemynde er den som har fått delegert ansvar for dette. 

Barnehagemynde handsamar ulike typar søknadar og klager 

  • søknad om spesialpedagogisk hjelp for barn under skulealder (både dei i barnehage og dei som ikkje går i barnehage)
  • melding om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod for enkeltbarn i barnehage
  • søknad om dispensasjon for tilsette i barnehage
  • søknad om godkjenning av barnehage etter barnehagelova
  • klager vedrørande punkta over

Kommunen som barnehageeigar og tilsynsmynde

Barnehagelova § 11 seier noko om kommunen som både barnehageeigar og barnehagemynde. Kommunen skal organisera oppgåvene den har som barnehagemynde skild frå oppgåvene som barnehageeigar, der det kan bidra til større tillit til at kommunen er upartisk og sikrar likehandsaming. Denne lovendringa om å skilja oppgåvene kom i 2021. I vår kommune er mynde-oppgåvene  gjennomgått og fordelt innanfor stillingane som  barnehageeigar og barnehagemynde. 

Artikkelliste