Her kan du nytta deg av urbane tilbod, samstundes som du kan nyta stillheita og villskapen i den varierte naturen når du ynskjer det. Du kan bu langsmed fjorden, i ei flott bygd eller i byen Odda. Same kvar du buset deg, vil du ha kort veg til både fjord og fjell, fonn og foss, frukt og festival.
Bustadmarknaden i Ullensvang – både for kjøp og leige – opplever stor etterspurnad. Det er ikkje alltid enkelt å orientera seg. Vår oppfordring er å sjekka ut fleire kanalar, også dei uformelle. Det er til dømes mange som annonserer komande bustader til sals/leige på lokale facebook-grupper. Der kan du og leggja ut førespurnader, dersom du er på jakt etter bustad.
Eigedomsmeklarar i området er blant anna Z-meglaren, Advokatfirma Romstad og Eiendomsmeglar Vest. I tillegg sel mange eigedomane sjølve gjennom Propr og liknande.
Er det eit problem å få tak i bustad? Ta kontakt med arbeidsgjevar, dei har truleg gode tips til deg!
Lokale facebook-grupper
- Finn – Ullensvang: Kjøpe, selge, gis bort
- Finn- Odda og litt til
- Hva skjer i Odda og omegn?
- Kva skjer på austsida?
- Kva skjer på vestsida?
- 5763 – bygda vår (Skare)
- Kva skjer i Røldal?
- Kvardagsprat i Jondal
- Kvardagsprat i Odda
- Kvardagsprat i nye Ullensvang kommune