Reglar for bruk av Ullensvang næringsfond

Desse reglane er heimla i vedtekter for Ullensvang kommune sitt konsesjonsavgiftsfond, godkjent av Kommunestyret den 29.04.2020 – sak 075/20.

Reglar for Ullensvang næringsfond - revidert 2024

§ 1 Føremål

Føremål for bruk av næringsfondet skal vera i samsvar med vedtekter for konsesjonsavgiftsfondet i Ullensvang kommune. Fondet kan nyttast til fylgjande:

  • Bedriftsutviklingstiltak
  • Undersøkingar, planlegging og prosjektering
  • Investeringar
  • Arrangement til fremming av næring
  • Kompetanseheving

Reglane for tilskot til næringsføremål gjeld for alle typar næringsverksemd med forretningsadressa i Ullensvang kommune. Regionale selskap i Hardangerregionen kan og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Ullensvang kommune, eller der Ullensvang kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt. Ingen har rettskrav på tilskot frå fondet. Tildeling av tilskot vil skje etter ei skjønnsmessig vurdering av det omsøkte tiltaket og i tråd med gjeldande reglar for bruk av Ullensvang næringsfond.

1.1 Handsaming og fullmakter

Rådmannen innstiller saker til Utval for samfunn, plan og næring som er fondstyre.

Søknadane vert handsama to gonger i året innanfor budsjettramma.

Rådmannen har mynde til å fastsette søknadsfristane og system/søknadsportal til næringsfondet. Kva system/søknadsportal som vert nytta, vil gå fram i informasjon om utlysing av næringsfondsmidlar, på Ullensvang kommune si nettside. Rådmannen har fullmakt til å setje vilkår for tildeling av tilskot.

1.2 Krav til søknaden

Føremålet med innhaldet i søknaden er at søkjaren skal vise at hen har vurdert utfordringane og moglegheitene for å nå måla i prosjektet sitt. Krav til innhald i søknaden kan variere mellom prosjekta.

Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar kommunen, eller den som yt denne tenesta på vegne av kommunen, for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad. For søknadar som gjeld tiltak i landbruket, skal også landbrukskontoret i kommunen kontaktast.

Det er krav om eigenfinansiering på minimum 25 % av totalbudsjettet. Eigenfinansieringa kan vera i form av eigne midlar og eigeninnsats – eventuelt ein kombinasjon av disse to. Eigeninnsatsen kan utgjera inntil 75 % av eigenfinansieringa og maksimalt 500 timar. Eigeninnsats vert rekna med kr 350,- per time for manuelt arbeid. Dersom det vert utført arbeid med bruk av landbruks- og/eller anleggsmaskiner, vert eigeninnsatsen rekna med kr. 800,- per time.

Ved søknader frå flyktningar i introduksjonsperiode kan det gjerast unntak frå krav om eigenfinansiering.

Søknadar skal innehalda fylgjande opplysningar:

A. Informasjon om søkjar
Dersom eit firma/ein organisasjon er søkjar:

  • Namn, organisasjonsnummer, adresse, telefon, e-post, bransje

Dersom ein person er søkjar:

  • Namn, adresse, telefon, e-post, utdanning og yrkeserfaring.

B. Prosjektomtale
Kva det vert søkt om støtte til. Omtale av forretningsidé, marknad, kundar, konkurranse. Søknadsbeløp. Forklaring om kvifor det vert søkt om stønad, og i kva grad midlane vil ha utløysande effekt.

C. Rekneskap
Dette gjeld for etablerte verksemder.

D. Investeringsbudsjett
Kva det skal investerast i og kor mykje. Verksemder som er MVA pliktige, skal oppgje summar ekskl. mva.

E. Finansieringsplan
Oversikt over eigenkapital, banklån og eventuelle andre finansieringskjelder

F. Driftsbudsjett
Oppstartsåret + to år.

G. Skatteattest

  • Skatteattest bør fylgja søknaden for å sikra at verksemda ikkje har drive økonomisk misleghald. Kommunen kan krevje å få utlevert skatteattest.
  • Rekneskap for siste rekneskapsår bør følgja søknaden for å synleggjera den økonomiske situasjonen til verksemda, og for å sikra at verksemda ikkje har drive økonomisk misleghald. Kommunen kan krevje å få utlevert rekneskap.

Søknadar som manglar ovannemnde opplysningar kan risikera å ikkje verta handsama i den aktuelle utlysinga, men vil bli fylgt opp med mål om å innhente manglande opplysingar fram mot påfylgjande utlysing. Rådmannen har fullmakt til å avvisa søknadar som manglar opplysingar.

1.3 Klage

Det er klageadgang på enkeltvedtak i medhald av forvaltningslova. Klager vert handsama av kommunalt klageorgan.

1.4 Storleik på tilskot

Stønadsbeløp opp til 200 000 euro kan på visse vilkår tildelast uten at det er naudsynt å få førehandsgodkjenning av EFTAs overvakingsorgan. Eit prosjekt kan etter EØS-avtalen sin artikkel 61 motta stønad inntil 200.000 euro over ein treårsperiode – ei såkalla bagatellmessig støtte. For stønad til vegtransportsektoren (t.d. transportselskap) gjeld ein lågare terskelverdi på 100.000 euro (ca NOK 1 millionar) over tre år.

Prosjekt/tiltak under kr. 100.000,- vert ikkje handsama, med unntak av opplæring pkt. 3.1, arrangement pkt. 3.2 og landbruk pkt. 4.

1.5 Samla tilskot

Samla bedriftsretta tilskot frå offentlege tilskotsytarar (t.d. Ullensvang kommune og Innovasjon Norge) og private tilskotsytarar (t.d. bankforbindelsen) kan ikkje overstiga 75 % av prosjektet sitt kapitalbehov. Summen av alle offentlege tilskot kan ikkje overstige 50 % av prosjektet sitt kapitalbehov. For arrangement gjeld ikkje denne grensa.

Sjå elles arrangement pkt. 3.2. Summen av alle offentlege tilskot kan vera inntil 60% for tiltak eller bedriftsetableringar som tek særskilte miljøomsyn. For landbruk, sjå punkt 4.

1.6 Utbetalingar

Tilskota vert utbetalt slik det vil gå fram av vedtaket. Dersom vedtaket ikkje nemner korleis utbetalinga skal skje, gjeld følgjande:

  • 50 % av tilskotet kan utbetalast når søkjar dokumenterer at minst 50 % av budsjetterte kostnadar er betalt.
  • Minst 10 % av tilskotet skal haldast attende til heile tiltaket er gjennomført og godkjend.

Oppmoding om utbetaling skal vera skriftleg (brev eller e-post). Ved avvik mellom omsøkt beløp i søknaden og faktiske kostnader vil det vera dei faktiske kostnadane som avgjer kor mykje som vert utbetalt, avgrensa til beløpet i vedtaket.

Om ikkje anna er nemnt i tilsagnet, er det gyldig i 12 månader rekna frå vedtaksdato. Det kan innvilgast forlenging dersom tungtvegande grunnar tilseier det.

1.7 Stadfesting av vilkår for tilskot

Vilkår for tilskot skal aksepterast skriftleg av søkjar seinast tre veker etter at tilsegnsbrev er motteke. Dersom dette ikkje vert gjort, fell tilsegn bort.

Skjemaet “KNS | Stadfesting av vilkår for tilskot frå næringsfondet” skal sendast mottakar av tilskot, dette ligg som lenkje i tilsegnsbrevet. Mottakar aksepterer vilkår for tilskot ved å fylla ut det digitale skjemaet.

Stadfesting av vilkår for tilskot frå næringsfondet

1.8 Rapportering

Prosjekt/tiltak med gyldigheit utover 1 år, skal seinast 12 månadar etter vedtaksdato rapportera status for prosjektet/tiltaket til Ullensvang kommune. Rapporten skal visa korleis prosjektet/tiltaket har utvikla seg samanlikna med planane. Manglande rapportering kan medføre krav om tilbakebetaling av tilskotet, heilt eller delvis.

1.9 Flytting av verksemd/arbeidsplass

Dersom verksemda/arbeidsplassen flyttar ut av kommunen før det er gått fem år sidan tilskotet vart utbetalt, må heile tilskotet betalast attende. Om tilskotet er utbetalt og investeringa/tiltaket ikkje vert gjennomført, skal tilskotet betalast attende fullt ut.

§ 2 Prioriteringar

Tilskot vert prioriterte i samsvar med til ei kvar tid gjeldande kommunale planar og næringsstrategiar. Alle søknader vert vurdert med omsyn til tiltaket sitt potensiale etter følgjande kriterium:

  • Sysselsetjingseffekt
  • Økonomien i prosjektet
  • Samarbeidspotensialet (etablerte og andre potensielle samarbeidsløysingar)
  • Innovasjons- /nyskapingsgraden/kryss-sektor
  • Omdømebygging
  • Omstillingsbehov, eksempelvis digitalisering og tilpassing til bærekraftsmål
  • Miljø og folkehelsa
  • Disponible midlar
  • I kva grad midlar frå næringsfondet vil ha utløysande effekt på tiltaket

Det vert ikkje gitt stønad til følgjande:

  • Tiltak/prosjekt som er starta
  • Ordinær drift
  • Sanering av gjeld
  • Garanti for lån
  • Kjøp av eigedom
  • Direkte eksportstønad**
  • Fremming av innanlandske produkt på bekostning av importerte produkt**

**Jf. Kommisjonens forordning nr. 1407/2013 og forskrift av 14.11.2008 nr. 1213 § 2.

§ 3 Tilskotsordningane

Reglane for tilskot til næringsføremål gjeld for alle typar næringsverksemd med forretningsadresse i Ullensvang kommune jf. § 1 føremål.

3.1 Opplæring

Verksemder i Ullensvang kommune kan få dekt inntil 50% av kostnadane gjennom felles norskopplæring for arbeidsinnvandrarar.

3.2 Arrangement

Arrangement skal minimum ha regional interesse, og skal fremja næring, rekruttering og godt omdømme for kommunen. Søknaden skal òg syna verdiskapinga arrangementet gir. Arrangementet kan få dekt inntil 25% av reelle kostnadar. Eigeninnsats er ikkje å rekna som reelle kostnader. Prosjekt/tiltak under kr. 50.000,- vert ikkje handsama.

3.3 Prosjekt

Lokale selskap kan få tilskot til fellesprosjekt/tiltak som omfattar deltaking frå fleire aktørar i Ullensvang kommune. Som omtalt § 1 føremål, kan regionale selskap i Hardangerregionen og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Ullensvang kommune, eller der Ullensvang kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt.

§ 4 Særskilte reglar for landbruk

I tillegg til dei generelle reglane for næringsfondet, gjeld særskilde reglar for landbruk.

Vilkår for å søkja om stønad til tiltak er at det er aktiv drift på landbrukseigedomen og at søkjar har rett på produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Det vert ikkje gjeve tilskot til tiltak som er starta opp.

Dersom omsøkt tiltak krev løyve/godkjenning frå offentleg myndigheit, er søkjar sjølv ansvarleg for å ordna dette. Døme på slikt løyve er byggjeløyve, godkjenning av plan for nydyrking, godkjenning av landbruksveg osb.

Tiltak som legg til rette for betre klima og eit meir miljøvenleg landbruk skal prioriterast ved tildeling av tilskot.

Prosjekt/tiltak med kostnadsramme under kr. 60.000,- vert ikkje handsama. Det må alltid liggja føre rapport og rekneskap før løyvde midlar vert utbetalt. Informasjon på kommunen sine nettsider. Kommunen kan gje stønad til fylgjande prioriterte satsingsområde (tiltak):

Næring - Tabell til næringsfondet
Tiltak Tilskot Vilkår
Klimatiltak som gjev karbonbinding i landbruket: fangvekster, vekstskifte, eng og beite, kompost/ husdyrgjødsel, skogjordbruk. Sjå faktaark* Tilskot på inntil 30% av totalkostnaden, maksimalt kr 100.000 Godkjent prosjekt av landbrukskontoret 
Investeringar bygningar husdyr, t.d. driftsbygning og andre bygg som kjem inn under Innovasjon Norge sine ordningar. Inntil 20% av godkjend tilsegn gitt av Innovasjon Norge, maks kr 500.000.  Tiltak som mottek tilskot skal vere i tråd med offentlege krav og vilkår.
Investering bygningar som ikkje er omfatta av Innovasjon Norge sine ordningar (t.d lagerbygg for frukt/utstyr). Inntil 30% av godkjend kostnadsoverslag, maks kr 300.000.  Tiltak som mottek tilskot skal vere i tråd med offentlege krav og vilkår.
Nydyrking og opparbeiding eller arrondering i etablerte dyrka areal.  Kr 20.000 pr daa for areal som har godkjend plan for nydyrking, maksimalt kr 100.000. Omsøkt areal må haldast i hevd med aktivt landbruk i minst 5 år, samt tiltaket må minst omfatte 5 daa.
Drenering av landbruksjord. Tilskot på kr 50,- per m2. Maksimalt kr 50.000 per søkjar.
Arrondering av grovfôrareal. Tilskot for arrondering av grovfôrareal på kr.40.000,- per daa – inntil 30% av totalkostnad. Omsøkt areal må haldast i hevd med aktivt landbruk i minst 5 år, samt tiltaket må minst omfatte 3 daa totalt.
Kompetanseheving  Inntil 50% av kostnaden med kurs og anna kompetanseheving. Maks sum pr. søkjar kr 30.000. Bestått kurs/utdanning.
Hjortegjerde  Tilskot på kr 100,- per m. Maksimalt kr 50.000 per søkjar. Min. 100 m., og det må skapa ei god løysing mtp fleire GBNR.
Inngjerding av innmarksbeite Tilskot på kr 75,- per m. Maksimalt kr 50.000 per søkjar. Inngjerding av alt som er klassifisert som innmarksbeite i AR5. Landbrukskontoret skal kontrollera at areala held klassifiseringa etter std.frå NIBIO, og areala skal haldast i hevd i 5 år etter prosjektet er avslutta.
Nofence-klavar (ikkje abonnement) Tilskot på inntil 30% av totalkostnad, maksimalt kr 35.000 per søkjar. Min. 20 stk, som skal brukast på eigne dyr på beite i innmark i min. 5 år.
Tiltak som er i tråd med satsingane i forvaltningsplan for utvalgte kulturlandskap i Ullensvang kommune. Vert handsama etter gjeldande reglar for Ullensvang næringsfond. Tiltak som er i tråd med forvaltningsplan for utvalgte kulturlandskap i Ullensvang kommune.
Dyrking av frukt, bær og grønsaker. Inntil 10% av godkjend tilsegn gjeve av Innovasjon Norge. Auka verdiskaping på gardsbruket/driftseininga.
Tilleggsnæring –som til dømes oppleving, reiseliv, lokal mat. Vert handsama etter gjeldande reglar for Ullensvang næringsfond Auka verdiskaping på gardsbruket.

*Faktaark NLR: Carbon Farming