Nydyrking
Med nydyrking meiner ein fulldyrking og overflatedyrking av jord.
Dette vert rekna som nydyrking:
- Opparbeiding av udyrka areal til fulldyrka eller overflatedyrka jord
- Opparbeiding av innmarksbeite til fulldyrka eller overflatedyrka jord
- Gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år
Korleis søkja om godkjenning av plan for nydyrking?
Søknadsskjema og meir informasjon om korleis søkja finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Bakkeplanering
Bakkeplanering er arbeidet med å gjera brattlendt eller kupert, dyrkbart og tidlegare dyrka areal skikka for maskinell jordbruksdrift.
Når må ein søkja?
Planering som omfattar areal på meir enn 1 dekar og mindre fylling eller planering av terreng er søknadspliktige etter forureiningsforskrifta kapittel 4 anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt. Planeringsarbeid med større terrengendringar er søknadspliktige etter plan- og bygningslova.
Planeringsarbeid i medhald av forureiningsforskrifta skal i utgangspunktet utførast i samsvar med Tekniske retningslinjer for anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt fastsett av Landbruksdepartementet. Kommunen kan gjera unntak frå bestemmingane i forureiningsforskrifta kap. 4, jf. § 4-9, inkludert “Tekniske retningslinjer”.
Forenkla søknad
Før du set i gong med å planleggja bakkeplanering skal du senda inn ein forenkla søknad til kommunen. Vi gjer så ei vurdering på om tiltaket er søknadspliktige etter andre lovverk. Du må då senda ein utfyllande søknad etter gjeldande lovverk.
Send inn ein forenkla søknad her
Innhald i forenkla søknad
Generell informasjon
- Kven er søkjar/ grunneigar, gards- og bruksnummer for eigedomen.
- Kor stort areal som skal planerast.
- Grunngjeving for tiltaket.
Kart og teikningar
Informasjon om ev. planar for andre nødvendige tiltak i samband med planeringa.
Utarbeiding av plan for bakkeplaneringstiltaket
Bakkeplanering krev løyve enten etter forureiningsforskrifta eller plan- og bygningslova. Kommunen vurderer dette når vi får inn ein forenkla søknad.
Dersom kommunen vurderer at bakkeplaneringa krev løyve etter forureiningsforskrifta, skal det føreliggja ein plan for bakkeplaneringstiltaket. Kommunen stiller då krav om at du som søkjar innhenter relevant fagkompetanse for utarbeiding av plan for bakkeplanering. Kontakt kommunen for nærare informasjon om kva planen skal innehalda.
Lovar, reglar og andre aktuelle ressursar
Særskilt om kulturminne
For å avklara om eit nydyrkings- eller bakkeplaneringsareal kan innehalda automatisk freda, eller andre, kulturminne, skal kommunen be kulturminnemynde i fylkeskommunen om ei uttale om dette.
Fylkeskommunen gjer merksam på at synfaring i felt og eventuelle arkeologiske registreringar som krev inngrep i grunnen berre kan gjennomførast på snø- og telefri mark. Som hovudregel inneber dette at perioden seint på hausten, vinteren og tidleg vår ikkje eignar seg for synfaringar og arkeologiske registreringar.
På bakgrunn av dette rår ein til at søkjarar som planlegg nydyrking eller bakkeplanering i område med kulturminneomsyn er ute i god tid.