Velkomen som ny bonde i kommunen

Det kan vere mykje nytt å setja seg inn i som ny bonde, vi håpar å kunne hjelpe deg så godt vi kan. Vi hjelper deg litt på veg her med nokre gode nettsider der du finn svar. 

Dersom du har fleire spørsmål så må du gjerne ta kontakt.

Vår kontaktinformasjon finn du her.

Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvaltaren i Vestland har laga Bondeboka for deg som er ny bonde. Her får du oversikt over kva du bør veta som eigar og drivar, samt anna relevant stoff.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet har og laga ein oversikt over informasjon som ein ny bonde bør veta om.

Brønnøysundregisteret

Skal du driva landbruksnæring treng du å registrera bedrift i Brønnøysundregisteret og få knytt denne til landbrukseigedomen du skal driva.

Dersom du skal ha produksjon og søkje om tilskot i landbruket treng du produsentnummer. Dette blir gjort ved å registrera landbruksføretak, med undereining, i Einhetsregisteret i Brønnøysundregisteret. Då må så kopla det opp til landbrukseigedomen du driv i landbruksregisteret. Kopling til landbruksregisteret skal vi i kommunen gjera for deg.

Når kopling mellom føretak og landbrukseigedom er gjennomført vil det bli generert produsentnummer hos Landbruket sin Dataflyt. Det kan ta opp til ein time. Du kan finne produsentnummeret ditt her.