Konsesjon

Skal du overdra eller erverva ein eigedom? Om det er konsesjonsplikt på eigedommen, må ny eigar søkja løyve til å overta eigedommen.

Søkje konsesjon eller senda eigenerklæring?

Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom. Fast eigedom er til dømes hus, gard eller ubygd tomt, eller andre areal. Kommunen avgjer søknader om konsesjon.

Ved tinglysing av ei eigedomsoverdraging må ein anten søkja om konsesjon eller fylla ut eigenerklæring på konsesjonsfridom.

Du må søka konsesjon dersom: 

  • Eigedommen har eit samla areal på meir enn 100 dekar
  • Eigedommen har meir enn 35 dekar fulldyrka og/ eller overflatedyrka jord
  • Ubygd eigedom i LNF-område

Eigedommar med uregistrert jordsameige eller skuld i utmark kan vera konsesjonspliktige dersom søkar ikkje kan dokumentera at samla areal er under 100 dekar.

Overdraging av eigedom frå nær slekt eller ved odel kan vera konsesjonsfritt og betinga av buplikt. Meir om buplikt finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider. 

På Landbruksdirektoratet sine nettsider kan du og lesa meir utfyllande om konsesjon. Her finn du óg aktuelle skjema, rettleiingar m.m.

Send skjema til oss

Utfylt skjema skal sendast oss (til kommunen der eigedommen ligg) og det er kommunen som avgjer søknaden.

Ullensvang kommune

Merk! Skjema kan innehalde personsensitive opplysningar så det skal ikkje sendast per e-post.

Konsesjon er gebyrbelagt. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Rettleiing

Kontakt landbruk ved førespurnader rundt konsesjon, konsesjonsfritak og rettleiing til utfylling av skjema.