Bygging eller ombygging av landbruksveg

Skal du bygge ny landbruksveg eller byggje om eksisterande landbruksveg? Då må du søkje kommunen om godkjenning.

Kva er ein landbruksveg?

Bygging av nye vegar blir normalt handtert etter plan- og bygningslova. Bygging av landbruksvegar er eit unntak og blir handtert etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveger. 

Landbruksveg er i landbruksvegforskrifta definert som:

bilvegar og traktorvegar som byggjast i samsvar med normalar for landbruksvegar med byggjebeskriving fastsett av Landbruks- og matdepartementet, samt enklare vegar som er nødvendige for landbruksverksemd.

Når du bygger må du tenkje på at vegen skal fremje rasjonell landbruksdrift og ta vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Kommunen kan rettleie for og vurdere ulike løysingar og dekningsområde.

Søknadsprosessen skal sikre at omsynet til miljø, landskap, kulturminne, friluftsliv og eventuelle andre omsyn blir ivareteke. Arbeidet kan ikkje starte opp før du har fått løyve av kommunen.

Har du spørsmål om planlegging eller krav til trasé? Ta kontakt med landbruksavdelinga.

Korleis søkje?

Du må nytte Landbruksdirektoratet sitt søknadsskjema om bygging av landbruksveg. Vi tilrår at du gjer deg godt kjent med landbruksdirektoratet sine informasjonssider:

Søkje om bygging av landbruksveg - her finn du også skjema

Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen:

Ullensvang kommune

Tilskot til vegbygging i skog

Skogeigarar eller andre med fullmakt frå skogeigar kan søkje om tilskot til skogsvegar i landbruket. For meir informasjon sjå Landbruksdirektoratet sine nettsider:

Tilskot til vegbygging i skog