Landbrukdsdirektoratet: Rettleiing til gjødselbrukforskrifta
Godkjenning av innmarksbeite som skal gjødslast
Før eit føretak kan spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må spreiearealet vere godkjent av kommunen. Frå 2028 vil det òg gjelde all bruk av mineralgjødsel på innmarksbeite. Sjå §§ 17, 18, 36.
Det er ikkje behov for å sende søknad der bonden sjølv kan dokumentere tidlegare godkjenning.
Søk om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal
Fosforgrense/spreiing av husdyrgjødsla på nok areal
For 2025 og 2026 skal fosfortilførsle med gjødsling ikkje overstige 3,5 kg fosfor per dekar, på fulldyrka og overflatedyrka areal. Fosforgrensa er felles grense for alle gjødselslag, inkludert mineralgjødsel. Sjå §§ 20, 21, 36. Eit godt hjelpemiddel for å vurdere om ein har nok spreieareal til eigen husdyrgjødsel og innkjøpt mineralgjødsel er fosforkalkulatoren, tilgjengeleg frå landbruksdirektoratet si rettleiingsside.
Landbruksdirektoratet: Kor mykje gjødsel (fosfor og nitrogen) kan du spreie
Det er ikkje krav om å endre på gjødslingsplan som er lagt for 2025.
Spreiefrist om hausten
Etter ny forskrift har kommunane ikkje høve til å gje utsett spreiefrist. Dette gjeld både gjennom lokal forskrift og ved enkeltvedtak. Sjå §§ 15, 36.
Fristane som no gjeld for heile Vestland fylke er fylgjande:
- År: 2025 og 2026
- Tillate periode for spreiing av organisk gjødselvare:
- 15. februar til 15. september
- Merknad: Lov med nedmolding fram til 1. november
- År: Frå 2027
- Tillate periode for spreiing av organisk gjødselvare: 1. mars til 15. september
- Merknad: Ikkje lov med nedmolding etter 15.september. Krav om slått, beiting eller etablering av plantevekst etter siste spreiing
Fritak frå gjødslingsplan
Nye krav til gjødslingsplan gjeld frå 2026. Det er då ikkje lenger mogleg for kommunen å gje fritak frå gjødslingsplan.
Fritak som kommunen har gjeve tidlegare kan gjelde for 2025, men vil ikkje vere gjeldande frå 2026 når forskrift om gjødslingsplanlegging vert oppheva.
Frå 2026 er det krav om å ha gjødslingsplan for føretak som disponerer og gjødslar meir enn 25 dekar per år, eller 5 dekar potet eller grønsaker som er særleg fosforkrevjande. Krav frå 2026 om å føre gjødseljournal gjeld alle som bruker gjødselvare, uavhengig av omfang. Sjå §§ 26, 27, 36.
Bruk av husdyrgjødsel for opparbeiding av nye innmarksbeite
Det kan verta trong for å opparbeide nye innmarksbeite, og det kan vere ynskje om å bruke husdyrgjødsel for å få gode resultat. Kommunen kan etter søknad innvilga ein tidsavgrensa dispensasjon til å spreie gjødselvarer på anna areal enn godkjent spreieareal, som ledd i opparbeiding av innmarksbeite. Det må etter opparbeiding søkjast godkjenning etter § 17, for vidare bruk av gjødselvarer. Sjå §§ 17, 32.
Trinnvis innføring av krav
Statsforvaltaren i Vestland har laga oversikt over når omtalte krav tek til å gjelde, og kva krav som gjeld i mellomtida (scroll nedover):
Spreietidspunkt
År 2025 - 2026
- 15. feb.
- 15. sep. utan nedmolding,
- 1. nov. med nedmolding
År 2027 - 2028
- 1. mars
- 15. sep. uansett (føretak med overgangstid
- 1. nov. med nedmolding
- Hausting etter spreiing
År 2029 ….
- 1. mars
- 15. sep. uansett
- Hausting etter spreiing
Fosforgrense
År: 2025 - 2026
År: 2027 - 2028
År: 2029 - 2032
År: 2033
Husdyrgjødsel på innmarksbeite
År: 2025 - 2032
- Søknadspliktig frå 2025
- Godkjenningar gjeve før 1. feb 2025 gjeld framleis
Mineralgjødsel på innmarksbeite
År: 2025 - 2026
- Tillate når du har gjødselssplan frå 2022/2023 som viser bruk av min. gjødsel før 1. feb.2025
År: 2027 - 2028
Gjødslingsplan
År: 2025
- 2025 Som før.
- Gamle fritak gjeld
År: 2026 ….
- 2026 Krav etter ny forskrift §26: Nye krav til kven som skal ha gjødslingsplan.
- Truleg ikkje høve til fritak
Gjødlingsjournal - Ink. oversikt over motteke gjødsel meir enn 75kg P
År: 2025
År: 2026 ….
- 2026 Krav etter ny forskrift §27
- Alle skal føre journal, og dei som ikkje har krav om gjødslingsplan
Rapportering ved avhending av gjødsel meir enn 75 kg P
År: 2025 …..
- Kravet gjeld frå det tidspunkt Landbruksdepartementet vedtek