Matrikkelen – det offisielle eigedomsregisteret
Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register over fast eigedom, eigedomsgrenser, adresser og bygningar. Matrikkelen er regulert av matrikkellova. Registreringar i matrikkelen skjer etter føringsinstruksen laga av Statens kartverk.

Det er kommunane som har ansvar for drift og vedlikehald av matrikkelen. Opplysningar om bygning vert ført i matrikkel i samband med byggjesaker eller retting. Dersom eigar til dømes meiner at bygningen er registrert med feil bruksareal, kan han senda krav om retting i matrikkelen til kommunen.
For innsyn i kva som er registrert om din eigedom kan du kontakta kommunen og/eller gå inn på:
I høve takseringsarbeidet er det fyrst og fremst desse opplysningane me nyttar frå matrikkelen:
- eigedomsidentifikasjon (gardsnummer, bruksnummer, festenummer, seksjonsnummer)
- type eigedom
- bygningar som er oppført på eigedom
- areal på eigedom
- areal per etasje på bygg
Meir informasjon finn du nettsida til Kartverket.no