Eigedomsskattenemnder i kommunen
Kommunestyret vel sjølv medlemmer og varamedlemmer til Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt og Klagenemnd for eigedomsskatt, og blant medlemmene leiar og nestleiar.
I tillegg skal det veljast varamedlemmer. Vedtaket kan ikkje delegerast til formannskapet. Valperioden fylgjer kommunevalperioden. Faste medlem av formannskapet kan ikkje vere med i eigedomsskattenemnder jf. eigedomsskattelova § 21. Viser elles til kommunelova og eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune.
Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt
Med heimel i eigedomsskattelova § 8 A-3 (4) vel kommunestyret ei sakkunnig nemnd for eigedomsskatt til å verdsetja eigedomar i Ullensvang kommune på bakgrunn av forslag frå synfaringsmenn. Sakkunnig nemnd skal ha minst tre medlemmer jf. kommunelova.
Medlemmer i sakkunnig nemnd
Klagenemnd for eigedomsskatt
Med heimel i eigedomsskattelova § 20 vel kommunestyret klagenemnd for eigedomsskatt. Dei skal handsama klager når skattytar ikkje får mehald eller berre delvis medhald i Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt. Klagenemnd for eigedomsskatt skal ha fem medlemmer jf. eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune pkt. 1.2.
Medlemmer i klagenemnd