Søk om løyve til motorisert ferdsel i utmark

Kommunen har ansvar for handsaming av motorisert ferdsel i utmark sommar- og vintersesong.

Løyve til motorisert ferdsel i utmark vert gitt etter kommunen sine retningslinjer for motorferdsel i utmark.

Slik søkjer du

Du søkjer via vårt digitale søknadsskjema. Det er krav om pålogging via ID-porten i søknadskjema.

Søk om løyve til motorisert ferdsel i utmark

Løyvehavar pliktar henta inn løyve frå aktuelle grunneigarar for køyring over andre sin grunn før løyvet kan nyttast.

Kva skjer vidare?

Dei fleste søknadene er delegert til rådmannen og her må det påreknast sakshandsamingstida på 3 veker. Dei som skal opp til politisk handsaming har noko lenger handsamingstid som er 4-6 veker.

Løyve for vintersesong gjeld over lenger tid. Løyva som no er gitt gjeld for vintersesongane 24/25, 25/26, 26/27 og 27/28.

Artikkelliste