Viktig om vintersesongen
Det er oppretta eit nummerert hovudløypenett for motorferdsel. Dette vert gjort for å samla motorferdsla og handtera eventuelle stengingar av omsyn til villreinen.
Teikn inn avkøyring på kart
Når du søker om løyve må du teikna inn traseen du ynskjer å kjøra frå hovudløypa på eit kart, og leggja ved søknaden.
Løyvet ditt vert spesifisert med avkøyring frå hovudløypa etter den kortaste strekningen fram til endemålet for turen.
Sjå kart over hovudløypenettet
Krav om å registrera mobilnummer
For at ordninga med løypenett skal fungera, må vi registrera mobilnummeret ditt slik at vi kan senda deg SMS dersom løyper vert stengde undervegs i sesongen.
- Sjekk mobilen før du køyrer: Du pliktar å sjekka mobilen din før kvar transport for å sjå om det er sendt ut melding om stengde løyper.
- Ved stenging: Dersom ei løype vert stengd, må du anten bruka ei alternativ godkjend løype eller utsetja transporten.