Gratis kulturskule for elevar 8 – 10 år

Frå og med skuleåret 23/24 har kommunen gitt tilbod om gratis kulturskule til elevar i alderen 8 – 10 år. Dette er ei fantastisk moglegheit som gir rom for mangt og mykje.

Hovudmålsettingane med tilbodet

  • å auke rekrutteringa blant barn og unge og motivere for fleire år med læring i kulturskulen
  • å ha ein open og inkluderande kulturskule som gir moglegheiter til alle, utan økonomiske hindringar

Prøveordninga på særskilde alderssteg, har desse presiseringane

  • Gratisvedtaket gjeld sjølve undervisninga. Leige av instrument, bruk av utstyr og kjøp av noter må betalast som vanleg.
  • Gratisvedtaket fylgjer årsmodellen, altså gratis det året ein fyller 8, 9 eller 10 år.
  • Elevar pliktar seg til ordinært, jamleg frammøte og god eigeninnsats.
  • Kva tilbod som er tilgjengelege vil kunne variere i dei ulike skulekrinsane og er alltid med atterhald om faktisk lærardekning (sjå oversikten over tilbod).
  • Gruppeundervisning vil vere aktuelt i dei fleste tilboda.

Er du usikker på kva som er rett val for deg?

Har du bestemt deg, søk direkte på ditt val, men set gjerne opp eit par alternativ. Det kan bli venteliste ved stor pågang.

Kulturskulen sine tilbod