Brei erfaring
Johanna Mjeldheim er kommunen sin distriktsmusikar og kulturskulelærar med hardingfele som instrument ved kultuskulen. Ho har utdanning innan folkemusikk frå Høgskulen i Telemark og Ole Bull Akademiet, og har spesialisert seg i hardingfeletradisjonen frå Hardanger.
Johanna har brei erfaring med oppdrag av mange ulike slag: konsertar, konsertføredrag, dansespel og instruksjon. Som distriktsmusikar formidlar ho folkemusikk m.a. gjennom kommunale ordningar som Den kulturelle skulesekken og deltek i produksjonar med andre musikarar både innan kommunen og andre stader i fylket.
Oppdrag
Distriktsmusikaren kan også bookast til ulike oppdrag. Dette kan vera konsertar eller musikalske innslag i ei rekkje samanhengar - til bryllaup, barnedåp og gravferd, eller til konferanse, julebord, festival, og enno mykje meir. Ta gjerne kontakt for ein prat om moglegheitene for musikkinnslag, konsert eller konsertføredrag som passar akkurat ditt arrangement!
Pris vert vurdert etter type oppdrag, m.a. oppdraget si lengd og forarbeid.