Bandtvang

Dei fleste hundeeigarar er flinke til å halde bandtvangen, men lause hundar i utmarka er diverre eit aukande problem. Møte mellom hundar og beitedyr kan føre til svært alvorlege episodar. 

Lene Jondahl

I tillegg til ordinær bandtvang har kommunen eigne forskrifter med utvida bandtvang. Hundeeigar har ansvar for å vite kva reglar som gjeld der dei går tur.

Frå 1. april - 20. august er det ordinær bandtvang i heile landet, av omsyn til vilt, husdyr og turgåarar. 

Særskilde reglar for utvida bandtvang i kommunen

Tidlegare Ullensvang herad

  • Hundar skal haldast i band i tida 1. april - 10. september i område der bufe går på
    utmarksbeite.
  • På kyrkjegardane og på bustad og handleområde skal hund haldast i band heile året.

Tidlegare Odda kommune

  • Hundar skal haldast i band i tida 1. april - 31. oktober, når bufe normalt er henta heim.
  • I tettstadane skal hund haldast i band heile året. Omgrepet tettstad femner her om Odda grensa av Eitrheimselva i Nord og Vasstun – Strand med Buerdalen og Buer i sør. Tyssedal tettstad, Skare/Skarsmoen grensa av Håbru/Seljestad/Storelva i sør og vest, til Steinaberg bru – vegkrysset Reinsnosvegen til grensa for Skare
    bustadområde mot nord, langs grensa for Skare bustadområde mot aust og tilbake til Seljestadelva i sør.
  • Røldal tettstad, avgrensa til området Dalen – Lynghamar kraftstasjon – Hamre - Håradalen, avgrensa til området Håra tettstad, hytteområde og skianlegga i Håradalen.
  • Hytteområdet Åsen og Mågelitopp er underlagt heilårs bandtvang.
  • Unntatt er dei tilhøva som er skildra i hundelova §9 om unntak frå sikringsreglane. 

Meld ifrå til politiet på telefon 02800 dersom du ser noko som gjer at du fryktar det kan oppstå uønska hendingar.

Les meir om forskriftene for Ullensvang herad på lovdata

Les meir om forskriftene for Odda kommune på lovdata