Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm gir deg moglegheit til å tilkalle hjelp dersom du får akutt behov for helsehjelp i heimen. Ordninga kan gi auka tryggleik i kvardagen for deg som bur heime og har helseutfordringar eller funksjonsnedsetting.

Kva er tryggleiksalarm?

Tryggleiksalarm er ei velferdsteknologisk løysing som gjer det mogleg for deg å tilkalle hjelp dersom du får akutt behov for helsehjelp i heimen.

Når alarmen blir utløyst, går varselet direkte til kommunen sitt responssenter eller heimetenesta. Det er heimetenesta der du bur som rykker ut ved behov.

Kilde: Telecom / Careium

Kven kan få tryggleiksalarm?

Tryggleiksalarm kan vere aktuelt for deg som

  • har helseutfordringar eller funksjonsnedsetting der det kan oppstå behov for akutt hjelp
  • har stor risiko for å falle
  • kjenner deg i stor grad utrygg i kvardagen på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne

Tryggleiksalarm blir tildelt etter ei fagleg vurdering av behovet ditt. For å få tryggleiksalarm må du ha tilstrekkeleg kognitiv og fysisk funksjonsevne til å bruke alarmen.

Korleis fungerer tryggleiksalarmen?

Tryggleiksalarmen består av ein alarmknapp som du har på deg, og ein mottaksstasjon plassert i heimen din. Tryggleiksalarmen gir dekning i heimen, slik at du kan tilkalle hjelp uansett kvar du er inne.

Alarmknappen kan berast rundt halsen som eit smykke eller på handleddet, og du har den på deg heile døgnet.  Alarmen er enkel å bruke og har berre ein knapp. Når du trykkjer på knappen, blir alarmen sendt til mottaksstasjonen i heimen og vidare til kommunen. 

Gjennom mottaksstasjonen kan du snakke direkte med helsepersonell. Dei vil høyre kva som har skjedd og vurdere kva slags hjelp du treng. I mange tilfelle kan situasjonen løysast gjennom samtale. Dersom det er nødvendig, kjem heimetenesta heim til deg for å hjelpe.

 

Viktig å vite når du får tryggleiksalarm

  • Tryggleiksalarmen skal berre brukast ved behov for akutt hjelp. Han skal ikkje nyttast til ordinære omsorgsoppgåver som heimetenesta utfører etter plan.
  • Du må gi samtykke til at heimetenesta kan kome seg inn i heimen din ved hjelp av digital lås eller nøkkelboks. Dørlenker eller liknande løysingar kan ikkje nyttast.
  • Du må melde frå til kommunen dersom du flyttar.
  • Du er ansvarleg for at tryggleiksalarmen og tilhøyrande utstyr blir behandla forsvarleg. Ved tap eller skade som ikkje skuldast vanleg bruk, kan du bli beden om å erstatte utstyret.
  • Når du ikkje lenger har behov for tryggleiksalarm, skal utstyret leverast tilbake til kommunen. 
  • Kommunen tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje blir nytta i tråd med kriteria for tenesta.

Personvern og tryggleik

Personvernet ditt er viktig for kommunen. Tryggleiksalarmen blir berre brukt når du sjølv trykkjer på alarmknappen.

Det blir ikkje lytta eller sett på noko i heimen din utan at du har utløyst alarmen. Kommunen får berre informasjon når alarmen blir brukt, slik at dei kan hjelpe deg.

Opplysningar blir behandla i tråd med gjeldande reglar for personvern, og berre autorisert personell har tilgang til systemet.

Kva kostar det?

Tryggleiksalarm har eigenbetaling i form av eit månadsabonnement. Eigenbetaling er regulert i “Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester”.

Prisen per 01.01.2026 er 318 kroner per månad. Satsane blir vedtekne av kommunestyret kvart år, innanfor staten sine maksprisar. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Slik søkjer du

Du søkjer om tryggleiksalarm ved å senda inn søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. 

Søk om helse- og omsorgstenester

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Klage til kommunen 

Lover og reglar

Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste, men ei serviceteneste.