Kva er lokaliseringsteknologi?
Lokaliseringsteknologi, som GPS og mobil tryggleiksalarm, er hjelpemiddel som gjer det enkelt å finne ut kvar du er, slik at du raskt kan få hjelp dersom du treng det. Eininga kan til dømes vere festa til eit nøkkelknippe, berast rundt halsen eller vere integrert i skosålen. Ein mobil tryggleiksalarm har også ein alarmknapp slik at du kan tilkalle hjelp.
Kilde: Telecom / PosifonKven kan få lokaliseringsteknologi?
Lokaliseringsteknologi kan vere aktuelt for deg som
- har ein demensdiagnose eller anna kognitiv svikt, og det er stor fare for at du ikkje finn vegen heim
- har stor fare for for fall utandørs, og ferdast i områder med lite folk
- har vanskar med å nytte mobiltelefon for å varsle om behov for hjelp
Lokaliseringsteknologi blir tildelt etter ei fagleg vurdering av behovet ditt.
Korleis fungerer lokaliseringsteknologi?
Du ber med deg alarmen, til dømes i lomma, rundt halsen eller som klokke. I nokre tilfelle kan GPS-eininga også plasserast i skoen. Dette kan vere ei løysing dersom du ikkje ønskjer eller hugsar å bere ein synleg alarm.
Dersom du trykkjer på alarmknappen, du ikkje kjem heim til avtalt tid eller beveger deg utanfor eit definert område, kan pårørande eller helsepersonell sjå kvar du er ved hjelp av GPS. Om du har ein mobil tryggleiksalarm kan dei også ta kontakt med deg gjennom innebygd høgtalar og mikrofon.
Personvern og tryggleik
Lokaliseringsteknologi blir brukt på ein måte som skal ivareta personvernet ditt.
Posisjonen din blir berre henta når det er behov for det, til dømes dersom alarmen blir utløyst eller det vert vurdert at situasjonen krev det. Føremålet er å kunne gi rask hjelp dersom noko skjer.
Berre autorisert helsepersonell med tenestleg behov har tilgang til systemet.
Kommunen behandlar personopplysningar i samsvar med gjeldande reglar for personvern.
Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.
Kva kostar det?
Lokaliseringsteknologi har eigenbetaling. Prisen er avhengig av type alarm og på kva grunnlag ein får tildelt tenesta.
Slik søkjer du
Du søkjer om Lokaliseringsteknologi ved å senda inn søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Søk om Helse- og omsorgstenester
Kommunen ser helst at du søkjer på tenester via digitalt søknadsskjema over. Då får me søknaden direkte inn i vårt journalsystem og kan starte saksbehandling med det same.
Om du likevel ynskjer å søkje på papir kan du nytte følgjande skjema:
Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)
Papirskjema kan sendast til:
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering
Opheimsgata 31
5750 Odda