Lokaliseringsteknologi (GPS)

Lokaliseringsteknologi, som GPS og mobil tryggleiksalarm, er hjelpemiddel som gjer det mogleg å vite kvar du er dersom du treng hjelp. 

Kva er lokaliseringsteknologi?

GPS er ei eining du kan bruke dersom det kan oppstå behov for hjelp til å finne vegen heim. Eininga kan til dømes vere festa til eit nøkkelknippe, berast rundt halsen eller vere integrert i skosålen.  Ein mobil tryggleiksalarm er ein type GPS-eining som også har ein alarmknapp. 

Etter avtale, kan pårørande eller helsepersonell sjå kvar du er dersom du ikkje kjem heim til avtalt tid, eller dersom du bevegar deg utanfor eit definert område.

Kilde: Telecom / Posifon

Korleis fungerer løysinga?

Du ber med deg alarmen, til dømes i lomma, rundt halsen eller som klokke. I nokre tilfelle kan GPS-eininga også plasserast i skoen. Dette kan vere ei løysing dersom du ikkje ønskjer eller hugsar å bere ein synleg alarm.

Dersom du trykkjer på alarmknappen, du ikkje kjem heim til avtalt tid eller beveger deg utanfor eit definert område, kan pårørande eller helsepersonell:

  • sjå kvar du er ved hjelp av GPS
  • ta kontakt med deg gjennom innebygd høgtalar og mikrofon 
  • sørgje for hjelp dersom det er nødvendig

Kven kan få GPS og mobil tryggleiksalarm?

Lokaliseringsteknologi kan vere aktuelt for deg som 

  • har ein demensdiagnose eller anna kognitiv svikt, og det er stor fare for at du ikkje finn vegen heim
  • har stor fare for for fall utandørs, og ferdast i områder med lite folk
  • har vanskar med å nytte mobiltelefon for å varsle om behov for hjelp

Lokaliseringsteknologi blir tildelt etter ei fagleg vurdering av behovet ditt. 

Personvern og tryggleik

Lokaliseringsteknologi blir brukt på ein måte som skal ivareta personvernet ditt.

Posisjonen din blir berre henta når det er behov for det, til dømes dersom alarmen blir utløyst eller tenesta vurderer at situasjonen krev det. Føremålet er å kunne gi rask hjelp dersom noko skjer.

Berre autorisert helsepersonell med tenestleg behov har tilgang til systemet. 

Kommunen behandlar personopplysningar i samsvar med gjeldande reglar for personvern. 

Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.

Kva kostar det?

Lokaliseringsteknologi har eigenbetaling. Prisen er avhengig av type alarm og på kva grunnlag ein får tildelt tenesta.  

Slik søkjer du

Du søkjer om GPS-tryggleiksalarm ved å senda inn søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. 

Søk om Helse- og omsorgstenester