GPS-tryggleiksalarm

GPS-tryggleiksalarm er ei velferdsteknologisk løysing som kan gi auka tryggleik for deg som kan ha behov for hjelp utanfor heimen. Alarmen gjer det mogleg å tilkalle hjelp og å få rask oppfølging dersom det oppstår ein situasjon der du treng assistanse.

Kva er GPS-tryggleiksalarm?

Ein GPS-tryggleiksalarm er ein liten alarm med innebygd GPS som du kan ha med deg når du er ute. Løysinga kan vere aktuell for deg som kan ha vanskar med å finne heim. Med alarmen kan du tilkalle hjelp ved behov, eller helsepersonell kan sjå kvar du er og ta kontakt med deg.

Kilde: Telecom / Posifon

Korleis fungerer løysinga?

Du ber med deg alarmen, til dømes i lomma, rundt halsen eller som klokke. I nokre tilfelle kan GPS-eininga også plasserast i skoen. Dette kan vere ei god løysing dersom du ikkje ønskjer eller hugsar å bere ein synleg alarm.

Dersom du trykkjer på alarmknappen, eller det oppstår ei hending som krev oppfølging, kan helsepersonell:

  • sjå kvar du er ved hjelp av GPS
  • ta kontakt med deg gjennom innebygd høgtalar og mikrofon 
  • sørgje for hjelp dersom det er nødvendig

Personvern og tryggleik

GPS-tryggleiksalarm blir brukt på ein måte som skal ivareta personvernet ditt.

Posisjonen din blir berre henta når det er behov for det, til dømes dersom alarmen blir utløyst eller tenesta vurderer at situasjonen krev det. Føremålet er å kunne gi rask hjelp dersom noko skjer.

Berre autorisert helsepersonell med tenestleg behov har tilgang til systemet. 

Kommunen behandlar personopplysningar i samsvar med gjeldande reglar for personvern. 

Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.

Kva kostar det?

Tryggleiksalarm har eigenbetaling i form av eit månadsabonnement. Eigenbetaling er regulert i “Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester”.

Prisen per 01.01.2026 er 318 kroner per månad. Satsane blir vedtekne av kommunestyret kvart år, innanfor staten sine maksprisar. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Slik søkjer du

Du søkjer om GPS-tryggleiksalarm ved å senda inn søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. 

Søk om Helse- og omsorgstenester