Kva er ein elektronisk medisindispensar?
Ein elektronisk medisindispensar er eit apparat som inneheld ferdig doserte medisinar. Dispensaren gir beskjed når det er tid for å ta medisinen, og deler ut rett dose til rett tidspunkt. Dette reduserer risikoen for feilmedisinering.
Dersom medisinen ikkje blir teken til rett tid, får heimetenesta eller pårørande varsel. Då kan du få hjelp ved behov.
Kommunen nyttar to typar medisindispensarar med litt ulike funksjonar. Kva type du får, blir vurdert ut frå behovet ditt.

Kven kan få elektronisk medisindispensar?
Elektronisk medisindispensar kan vere aktuelt for deg som
- treng hjelp eller påminning for å ta medisinar
- ønskjer å vere meir sjølvstendig i legemiddelhandteringa
- kan handtere medisinen sjølv med litt teknisk støtte
Kommunen nyttar elektronisk medisindispensar som førsteval når det er behov for hjelp til legemiddelhandtering. Det vert gjort ei individuell vurdering om løysinga passar for deg. Fastlege, heimetenesta og tildelingskontoret kan vere involverte i vurderinga.
Korleis fungerer tenesta?
Når elektronisk medisindispenser blir vurdert som ei god løysing, skjer oppstarten i samarbeid mellom deg, kommunen og eventuelt pårørande. Vidare skjer dette:
- Du må ha avtale om å få medisinen din i multidose. Om du ikkje har ein slik avtale vert dette oppretta i samråd med fastlegen din.
- Du får utdelt ein elektronisk medisindispensar
- Du får opplæring i korleis han skal brukast
- Du tek medisinane sjølv til rett tid
- Helsepersonell i heimetenesta handterer eventuelle varsel, endrar på innstillingar og fyller på medisinar
Kva om løysinga ikkje passar for meg?
Dersom den elektroniske medisindispensaren ikkje fungerer for deg, eller behovet endrar seg, vil kommunen vurdere andre løysingar for legemiddelhandtering i samråd med deg.
Kva kostar det?
Elektronisk medisineringsstøtte kostar ingenting for deg.
Dersom det blir vurdert at du har behov for hjelp til å ta medisinar, blir dette rekna som helsehjelp.
Slik søkjer du
Du kan søkje om hjelp til legemiddelhandtering frå kommunen. Tildelingskontoret vurderer søknaden og kartlegg om elektronisk medisindispensar kan vere ei aktuell løysing for deg.
Søk om helse- og omsorgstenester
Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)
Papirskjema kan sendast til:
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering
Opheimsgata 31
5750 Odda