Digitale tilsyn

Digitale tilsyn er ei velferdsteknologisk løysing som kan gi auka tryggleik for bebuarar i institusjon. Løysinga gjer det mogleg for helsepersonell å oppdage hendingar utan at dei alltid må vere fysisk til stades på rommet.

Kva er digitale tilsyn?

Digitale tilsyn er ei løysing der sensorar og teknologi kan registrere hendingar og varsle helsepersonell ved behov.

Dette kan til dømes vere:

  • kamera med sensorar
  • rørslesensorar
  • dørsensorar

Teknologien kan oppdage hendingar som fall, uro eller avvik frå normal aktivitet. Dersom noko uventa skjer, blir helsepersonell varsla og kan vurdere kva slags oppfølging som er nødvendig.

Føremålet er å gi tryggleik og oppdage hendingar tidleg, samstundes som bebuaren vert forstyrra minst mogleg.

Korleis fungerer digitale tilsyn?

Sensorar blir plasserte på bebuarrom og teknologien registrerer aktivitet, og kan varsle helsepersonell dersom noko avvik frå det som er normalt. Digitale tilsyn blir ofte nytta om natta for å unngå at helsepersonell må gå inn på rommet og forstyrre søvnen. Digitale tilsyn kan til dømes vere:

  • Planlagt tilsyn
    Helsepersonell kontrollerer digitalt at alt er i orden til faste tidspunkt
  • Hendingsbasert tilsyn
    Systemet varslar automatisk dersom det oppdagar ei hending som kan vere bekymringsfull. Dersom systemet registrerer ei hending, kan helsepersonell undersøkje situasjonen digitalt eller gå inn på rommet dersom det er nødvendig.

Personvern og tryggleik

Digitale tilsyn fungerer ikkje som vanleg kameraovervaking.  Systemet tek ikkje kontinuerleg videoopptak. Normalt blir det ikkje lagra bilete eller film. Dersom det oppstår ei hending som krev oppfølging, kan det bli tatt eit enkelt bilete eller ein kort sekvens slik at helsepersonell kan vurdere situasjonen.

Berre autorisert helsepersonell med tenestleg behov har tilgang til systemet. Opplysningar blir behandla i tråd med gjeldande reglar for personvern.

Før løysinga blir tatt i bruk får bebuar og eventuelt pårørande informasjon om tiltaket, og det vert innhenta samtykke.

Kva kostar digitale tilsyn?

Digitale tilsyn kostar ingenting for deg som bebuar. Løysinga er ein del av helse- og omsorgstenestene i institusjon, og det blir ikkje kravd eigenbetaling for bruk av teknologien.

Må eg søkje?

Du treng ikkje å søkje om digitale tilsyn sjølv.