Kva er digitale dørhandtak?
Digitale dørhandtak er elektroniske låsar som blir monterte på dørene til bebuarrom i institusjon.
Løysinga er utvikla for bruk i bu- og omsorgsinstitusjonar og skal bidra til eit tryggare og rolegare bumiljø. Digitale dørhandtak kan hindre at bebuarar med kognitiv svikt eller vandreåtferd går inn på andre sine rom.
Dette kan bidra til å:
- verne om privatlivet til bebuarane
- redusere uro og uønskte situasjonar
- skape eit tryggare miljø for alle

Korleis fungerer løysinga?
Bebuarar kan få eit armband eller eit halssmykke som fungerer som ein digital nøkkel.
Når bebuaren nærmar seg sitt eige rom, kan døra opne seg automatisk. Dørene til andre rom vil derimot ikkje opne seg.
Tilsette kan opne dørene med eigen digital nøkkel eller godkjend tilgang.
Systemet kan også registrere opningar og forsøk på tilgang. Dette kan bidra til å avklare hendingar dersom noko uventa skjer.
Personvern og tryggleik
Digitale dørhandtak blir brukt for å verne om privatlivet til bebuarane og skape tryggleik i institusjonen. Løysinga er ikkje meint å avgrense rørslefridomen til bebuarane.
Systemet gir berre tilgang til dei dørene ein person har autorisasjon for. Berre autorisert helsepersonell har tilgang til systemet.
Opplysningar om bruk av systemet blir behandla i tråd med gjeldande reglar for personvern.
Kva kostar det?
Digitale dørhandtak kostar ingenting for bebuarar i institusjon. Løysinga er ein del av helse- og omsorgstenestene.
Må eg søkje?
Du treng ikkje å søkje om digitale dørhandtak sjølv.
Behovet blir vurdert av helsepersonell i samarbeid med bebuar og eventuelt pårørande.