Kva er digitale låsar?
Digitale låsar er ei elektronisk nøkkelløysing som skal sikre trygg og påliteleg tilgang til bustaden din når heimetenesta skal hjelpe deg. Løysinga gjer det mogleg for tilsette å kome raskt inn dersom det er behov for hjelp, til dømes ved utløyst tryggleiksalarm eller andre akutte hendingar.
Alle som har behov for tryggleiksalarm, får montert digital lås.
Kilde: Telecom / PhoniroKorleis fungerer den digitale låsen?
Når heimetenesta kjem til bustaden din, bruker dei tenestetelefonen sin til å låse opp døra. Den digitale nøkkelen er unik for di dør, kan ikkje kopierast og kan ikkje delast. Det betyr at du kan vere trygg på at berre tilsette som har fått tilgang frå kommunen, kan låse seg inn.
Når heimetenesta låser opp døra frå utsida, blir dette loggført i kommunen sitt system. Då kan kommunen sjå kven som har vore inne, og når dette har skjedd.
Den digitale låsen er ikkje kopla til internett og kan ikkje fjernstyrast eller hackast. For å opne døra må den tilsette vere fysisk til stades utanfor bustaden din med ein sikra tenestetelefon.
Ein tenestetelefon som hamnar hos feil person til dømes ved tjuveri, kan ikkje brukast til å opne døra di. Telefonen er sikra med pålogging, og kommunen kan sperre tilgangen.
Kva betyr dette for deg i kvardagen?
For deg fungerer døra på same måte som før. Du går inn og ut som vanleg, og bruker den same nøkkelen din. Den einaste skilnaden er at du nyttar låsvridaren på den digitale låsen når du låser frå innsida.
Det blir ikkje loggført når du sjølv går inn eller ut av bustaden, eller kva du gjer heime.
Montering og oppfølging
Kommunen har ansvar for montering, vedlikehald og fjerning av digitale låsar og nøkkelboksar. Dersom du ikkje lenger har behov for utstyret, kan det enkelt demonterast.
Kommunen monterer ein digital lås på innsida av ytterdøra di. Den blir plassert over den eksisterande låsvridaren.
- Det blir ikkje bora nye hol i døra
- Døra kan setjast tilbake i same stand som før
- Frå utsida ser døra heilt lik ut
- Låseeininga er av moderat storleik
- Tryggleiken på døra di blir ikkje redusert, og løysinga påverkar ikkje forsikring eller liknande.
Bur du i leiligheit, borettslag eller sameige, vert digitale låsar montert både på felles ytterdør og på døra inn til leiligheita di.
I nokre få tilfelle er det ikkje mogleg å montere digital lås. Då kan kommunen i staden montere ein elektronisk nøkkelboks.
Kva kostar det?
Digitale låsar kostar ingenting for deg. Kommunen dekkjer utgifter til utstyr, lisens, montering og fjerning.
Du må ta godt vare på utstyret. Dersom delar blir øydelagde som følgje av uforsvarleg bruk, kan du bli ansvarleg for å erstatte dette.
Skadar på eigen lås eller dør som ikkje skuldast den digitale låsen, må du sjølv dekke.
Ingen søknad
Du skal ikkje søke om digital lås. Dette vert tildelt automatisk når du får vedtak om tryggleiksalarm.
Digitale låsar vert montert etter samtykke frå deg.
Personvern
Kommunen behandlar personopplysningar i samsvar med gjeldande reglar for personvern.
Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.