Vil du bli privat avlastar?Vi har kontinuerleg behov for nye avlastarar for barn og unge med funksjonsnedsettingar eller andre utfordringar. Sist endra 27.01.2026 11:33 Kva inneber det?Som privat avlastar gir du støtte til familiar som treng hjelp i ein krevjande omsorgssituasjon. Du gir støtte til barn og unge (0-18 år) som treng ekstra oppfølging.Du samarbeider med familien om ein plan for avlasting.Arbeidstida blir avtalt, typisk ettermiddagar i veka eller dag/kveld i helg.Arbeidet kan skje heime hos avlastar eller i heimen til familien.Aktuelle aktivitetar varierer etter barnet sine behov og interesser. Du bidreg til at pårørande får ein tiltrengd pause og tid til seg sjølve. Kven kan bli avlastar?Alle kan bli avlastar, men det blir lagt vekt på:Personlege eigenskapar og omsorgsevne.Erfaring med barn og unge, anten frå privatliv eller arbeidsliv.Evne til å setje i gang aktivitetar og skape ein trygg relasjon.Erfaring med barn og unge med nedsett funksjonsevne er ein fordel.Gyldig politiattest er påkravd.VilkårDu blir fast tilsett i kommunen.Du får løn etter forskrift om arbeidstid for avlastarar og sentral særavtale SGS 1030.Slik blir du privat avlastarMeld deg som privat avlastarDu kan og senda Tildelingskontoret ein e-post med namn og telefonnummer. Vi ynskjer ikkje at du oppgir andre personopplysningar i e-post.