Mitt Aidn

Mitt Aidn er kommunen sitt verktøy for trygg digital kontakt mellom deg, dine pårørande og helse- og omsorgstenestene. Målet er å gjere det enklare å halde oversikt, stille spørsmål og samarbeide med tenestene. 

Kva tenester bruker Mitt Aidn

Mitt Aidn vert brukt av alle pleie- og omsorgstenestene i kommunen: heimebaserte tenester, institusjonar, avlastingsbustad og bufellesskap. 

Mitt Aidn vert også brukt av tildelingskontoret, kreftkoordinator, demenskoordinator, rus og psykisk helse, samt ergo-/fysioterapitenesta.   

Legetenesta bruker ikkje Mitt Aidn, men har Digital dialog gjennom Helsenorge.  

Kven kan bruke Mitt Aidn

Alle som får oppfølging frå helse- og omsorgstenestene i kommunen får automatisk tilgang til Mitt Aidn. Du loggar inn med BankID på mitt.aidn.no.

Pårørande kan også få tilgang dersom pasienten samtykkjer til det. Den pårørande logger seg inn med BankID på mitt.aidn.no, og ber om tilgang. Tenesta vil då undersøke om det føreligg samtykke og deretter godkjenne tilgangen. Brukar/pasient kan trekke tilbake samtykket på eit seinare tidspunkt om dei ynskjer dette.  

Tenesta er frivillig å bruke, og du vel sjølv kor mykje du vil delta digitalt. 

Når kan du bruke Mitt Aidn

 

Når skal du ikkje bruke Mitt Aidn 

Slik kjem du i gang

  1. Gå til mitt.aidn.no
  2. Logg inn med BankID
  3. Les gjennom informasjonen og prøv deg fram. 

Mitt Aidn fungerer best på mobil, men kan også brukast i nettlesar på PC eller nettbrett.

Om du treng hjelp, kan du ta kontakt med helse- og omsorgstenesta i kommunen. 

Lag snarveg på telefonen