Kven kan be om innsyn?
Pasientar og brukarar har rett til innsyn i sin eigen journal. Verje som er oppnemnd etter vergemålslova kan få innsyn i tråd med mandatet sitt.
Innsyn for barn og føresette
Barn under 16 år: Føresette (foreldre eller andre med foreldreansvar) har vanlegvis rett til innsyn i barnet sin journal.
Barn mellom 12 og 16 år: Barnet kan krevje at visse opplysningar ikkje blir delte med føresette dersom særlege grunnar talar for det.
Barn over 16 år: Har same rett til innsyn som vaksne. Føresette har ikkje automatisk rett til innsyn, men kan få det dersom den unge samtykkjer, eller dersom det følgjer av lov, til dømes ved manglande samtykkekompetanse.
Pårørande
Pårørande som ynskjer innsyn i journal, må legge fram skriftleg fullmakt frå pasienten sjølv, eventuelt frå verje.
Næraste pårørande har rett til innsyn etter pasienten sin død, dersom det ikkje er særlege grunnar som talar mot det.
Fullmakt
Dersom du gjev ein annan person fullmakt til å sjå journalen din, skal fullmakta innehalde:
- Namn og fødselsdato på både deg og den som får fullmakta
- Kva delar av journalen fullmakta gjeld for (heile journalen eller berre visse dokument)
- Eventuell tidsavgrensing for innsynet
- Signatur og dato
Kva har du rett til innsyn i?
Som pasient eller brukar har du rett til å sjå din eigen pasientjournal, inkludert vedlegg som til dømes røntgenbilete, prøvesvar og pleieplanar. Du har òg rett til å få kopi av journalen, og til å få forklart faguttrykk og anna innhald du ikkje forstår.
Unntak
Det finst nokre unntak frå innsynsretten i pasient- og brukarrettslova. Du kan bli nekta innsyn i opplysningar i journalen din dersom det er fare for liv eller alvorleg helseskade for deg, eller når innsyn er klårt utilrådeleg av omsyn til personar som står deg nær.
Unntak frå retten til innsyn må vurderast for den enkelte pasient eller brukar, i den konkrete situasjonen som ligg føre når det blir bede om innsyn. Alle unntak frå innsynsretten skal grunngjevast.
Slik ber du om innsyn
Du kan be om innsyn ved å kontakte den eininga i kommunen som yter helsehjelpa eller tildelingskontoret. Førespurnaden skal vere skriftleg og innehalde nok informasjon til at vi kan identifisere deg og kva du ynskjer innsyn i. Førespurnaden, og eventuelt fullmakt, vert sakshandsama og arkivert i elektronisk pasientjournal.
Innsyn kan gjevast ved at du får lese journalen eller får utskrift av journalen.
Kostnad
Kommunen krev ikkje betaling frå pasientar eller brukarar for utskrift av journal. Dersom ein ynskjer fleire kopiar vert det fakturert 85 kr per kopi.
Lovar og reglar
Retten til innsyn i journal er regulert i