Kva er dette?
Nokre menneske treng hjelp for å koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Ein fritidskontakt er ein hjelpar som bidreg til å gje dei auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minner. Kva de gjer, kjem an på kva den som treng hjelp, har lyst til.
Som fritidskontakt får du opplæring og oppfølging av fagfolk i kommunen.
Kven kan bli fritidskontakt?
Du treng ingen spesiell fagleg bakgrunn for å bli fritidskontakt, men du må oppfylla desse krava:
- Du må vera over 16 år
- Du må leggja fram politiattest
- Du er sosialt engasjert, likar å hjelpa andre og har lett for å finna på aktivitetar.
- Du kan binda deg over ein lengre periode, slik at du skapar stabilitet for brukaren.
Slik søkjer du om å jobba som fritidskontakt
Meld deg som fritids-/støttekontakt
Viss du ikkje kan nytta skjemaet, kan du senda ein e-post til tildelingskontoret. Oppgje berre namnet ditt og telefonnummeret ditt. Du må ikkje skriva andre personopplysningar i e-posten.
Kva skjer etter at du har søkt?
Når vi har fått søknaden din, tek vi kontakt med deg så snart som mogleg for å avtala ein uformell samtale.
Behovet for fritidskontaktar varierer. Vi ser saman med deg om vi har ledige oppdrag som passar for deg akkurat no. Viss vi ikkje har det, legg vi søknaden din i ein søknadsbank til det dukkar opp eit oppdrag som passar.