Temakafé for kreftramma, pårørande og etterlatne
Her kan du stikke innom for ein kopp kaffi og ein god prat i trygge omgjevnader. Du møter andre som har erfaring med kreft, og som kan ha liknande opplevingar som deg.
Sist endra 23.12.2025 09:20
På temakaféen tek vi opp ulike tema knytt til kreft og det å leve med sjukdommen. Du kan dele erfaringar, lytte til andre eller berre vere til stades på dine eigne premissar. Temakafeen blir drive av Kreftforeningen sine frivillige, i samarbeid med kommunen.
Kreftforeningen: Temakafé for kreftpasientar og pårørande
Kalenderhendingar