Rehabilitering i spesialisthelsetenestaMange slit med fysiske og psykiske plager i etterkant av kreftbehandling. Treng du ekstra hjelp og støtte til å komme tilbake til ein mest mogeleg normal kvardag, kan eit rehabiliteringsopphald vere aktuelt for deg. Lege på sjukehuset eller fastlegen din må tilvise til rehabilitering. Her finn du oversikt over aktuelle tilbod. Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) høyrer til Kreftavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus, og er eit senter for kreftramma og deira pårørande. Ravneberghaugen har tilbod om eit tverrfagleg spesialisert program for rehabilitering for personar som har gått gjennom kreftbehandling. Tilbodet er for pasientar i stabil fase av kreftsjukdom, eller som er ferdigbehandla for kreft. Les meir om tilbodet til Ravneberghaugen her. (PDF, 86 kB)Åstveit Helsesenter har tilbod om tverrfageleg rehabilitering for pasientar som har gått gjennom kreftbehandling (større operasjonar/omfattande kreftbehandling). Rød Kors Haugaland Rehabiliteringssenter har tilbod om rehabilitering etter kreftbehandling og for personar som lever med kreft. Dei har også eige tilbod til unge vaksne mellom 18-35 år. Rehabilitering for barn og ungdom etter kreftsjukdom (PDF, 3 MB)Nærland rehabilitering har tilbod om rehabilitering for personar over 18 år som lever med kreftsjukdom, eller etter kreftbehandling. Montebellosenteret er ein nasjonal helseinstitusjon for kreftpasientar og deira pårørande. Dei tilbyr ulike diagnosespesifikke og generelle kurs. Catosenteret har tilbod om rehabilitering for barn, unge og vaksne med langvarig redusert funskjonsnivå og almenntilstand, før, under eller etter kreftbehandling. Sist endra 25.11.2025 11:20