Rask psykisk helsehjelp (RPH)Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit gratis tilbod til deg som opplever milde til moderate vanskar med angst, depresjon eller søvn. Vi har som mål å gje deg hjelp innan to veker, slik at vanskane ikkje utviklar seg vidare. Sist endra 23.09.2026 09:57 Innhaldsliste Kven kan få hjelp?Tilbodet er for deg som er over 18 år og busett i kommunen.Du kan få hjelp dersom du til dømes:har lite energi, kjenner deg trøytte og slitne, eller har tungsinna tankaropplever indre uro eller engstelse som gjer kvardagen vanskelegstår i ein vanskeleg livssituasjon, som til dømes ved samlivsbrot eller sjukdombekymrar deg mykje eller har låg sjølvkjenslekjenner deg stressa og har vanskeleg for å koma i gang med tinger motiverte til å jobba aktivt med dine eigne utfordringar over ein kortare periodeKva kan du få hjelp til?Vi tilbyr tre ulike typar hjelp, og vi finn ut saman kva som passar best for deg:Veileda sjølvhjelp: Du får tilgang til verktøy på internett (assistertselvhjelp.no) og vert følgde opp av ein fagperson via telefon eller e-post ein gong i veka.Individuelle samtalar: Kortvarige og strukturerte samtalar baserte på kognitiv åtferdsterapi (frå 2 til 15 timar á 45 minutt).Meistringskurs: Ulike kurs der du lærer verktøy for å handtera kvardagen betre.Slik tek du kontaktDu treng ikkje tilvising frå lege for å få hjelp hjå oss. Ta kontakt med oss og vi vurderer kva hjelp du treng når du tek kontakt.Send oss ein e-post eller ta kontakt per telefon.Oppgje namnet ditt og telefonnummeret du vil verte ringde opp på, og skriv at du ynskjer kontakt. Meir informasjon treng vi ikkje i fyste omgang.Ein av våre fagpersonar ringer deg opp att innan kort tid for ein førstesamtale.Viktig: Ikkje send sensitive personopplysningar eller helseopplysningar på e-post.Søknadsfrist: Du kan ta kontakt heile året. Ver merksame på at vi held stengt for nye henvendingar i juli på grunn av ferie.Kva skjer vidare?Når du tek kontakt, vurderer vi saman om RPH er det rette tilbodet for deg. Dersom tilbodet passar for dei utfordringane du har, får du eit tilbod om hjelp innan kort tid.Dersom du ikkje er nøgde med vurderinga som vert gjord, kan du ta kontakt med kommunen.Treng du akutt hjelp?Rask psykisk helsehjelp er ikkje ei akutteneste.Dersom du treng hjelp med ein gong:Ring fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117.Ved akutt fare for liv og helse, ring nødnummeret 113.