Parkeringsløyve for rørslehemma (HC-kort)

Eit parkeringsløyve gjer det lettare for deg med store gangvanskar å parkera nærme dit du skal. Løyvet er eit personleg kort som gjeld i heile Noreg, og som skal liggja godt synleg bak frontruta i bilen.

Kven kan få parkeringsløyve?

Du kan få parkeringsløyve som bilførar eller passasjer viss du:

  • har store vanskar med å gå over ei viss lengd.
  • kan dokumentera eit særskilt behov for å parkera nærme bustaden din, arbeidsplassen din, lege, sjukehus eller liknande.

Det er ei streng vurdering for å få løyve, og vi prioriterer dei som har størst behov. Du får ikkje løyve viss du berre treng det til handling eller sosiale aktivitetar.

Særskilte krav for passasjerar

Viss du ikkje køyrer sjølv, er hovudregelen at føraren køyrer deg til inngangen, og deretter flyttar bilen til ein vanleg parkeringsplass. For å få løyve som passasjer, må du vera ute av stand til å bli forlaten utan tilsyn sjølv for ei kort stund. Dette gjeld for eksempel små barn, personar med sterk psykisk utviklingshemming eller andre som ikkje kan ta vare på seg sjølv.

Slik søkjer du

Søknaden vert ikkje behandla før vi har fått alle vedlegga frå deg.

  1. Få ei legeerklæring frå legen din.
  2. Ta eit passfoto (du kan ta biletet med kameraet på mobilen din).
  3. Søkjer du som bilførar; legg ved kopi gyldig førarkort (du kan også her ta biletet med kameraet på mobilen din).
  4. Fyll ut og send inn det digitale søknadsskjemaet

Søk om parkeringsløyve

Kva kostar det?

Sjølve parkeringsløyvet er gratis, men du må sjølv betala for legeerklæringa hos legen din.

Kva skjer etter at du har søkt?

Ein representant frå kommunen og helsefagleg personell vurderer søknaden din. Legeerklæringa er berre det medisinske grunnlaget – du må òg dokumentera kvifor du treng å parkera akkurat der du søkjer om.

Viss du ikkje er nøgd med svaret du får, kan du klaga til kommunen innan fire veker etter at du fekk svaret.

Ofte stilte spørsmål om parkeringsløyve

Regelverk

Forskrift om parkeringsløyve for forflytningshemmede (Lovdata)