Kven kan få tilbodet?
For å få tenester organisert som BPA, må ein:
- Ha behov for personleg assistanse, inkludert praktisk bistand, opplæring, støttekontakt eller avlasting.
- Ha eit stort og langvarig behov for tenester, minst to år.
- Ha behov for meir enn 32 bistandstimar per veke for å ha rett til BPA.
- Ved behov mellom 25-32 timar per veke, kan BPA bli vurdert dersom det ikkje er vesentleg meir kostnadskrevjande for kommunen.
- Vere under 67 år ved søknadstidspunktet.
- Kommunen gjer ei heilskapleg og individuell vurdering av kva hjelp som er mest hensiktsmessig for å dekke behovet for bistand.
Målgruppa inkluderer:
- Personar med funksjonsnedsetting som har eit samansett og omfattande behov for tenester, og som kan leie assistentane sjølv.
- Personar med kognitiv svikt som ikkje kan ivareta arbeidsleiarrolla sjølv, men har ein pårørande eller verje som kan ta ansvar.
- Familiar med barn med nedsett funksjonsevne.
Arbeidsleiar har ansvar for at assistentane er i stand til å ivareta sine oppgåver gjennom:
- å utarbeide ein oppgåve- eller arbeidsbeskrivelse som er detaljert nok til at assistenten kan utføre oppgåvene slik dei er tenkt.
- å gje assistenten naudsynt opplæring og mogelegheit til å utvikle seg i jobben.
- å sørge for at assistenten har ein forutsigbar arbeidskvardag
- å sørge for eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø, i henhold til avtale med arbeidsgjevar
Kva kan du få hjelp til?
Tenesta kan omfatte:
- Personleg assistanse (hygiene, påkleding, ernæring, matlaging).
- Praktisk bistand i heimen og kvardagen.
- Opplæring i daglege gjeremål.
- Støttekontakt for sosial deltaking og aktivitetar utanfor heimen.
- Følgje til arbeid, skule, fritidsaktivitetar og reiser.
- Anna naudsynt assistanse basert på individuelle behov.
- Helsehjelp som krev medisinsk fagleg kompetanse (dette vert heimla som helsehjelp i heimen).
- Helsehjelp i avlastingstiltak.
- Arbeidsoppgåver som ikkje er direkte knytt til brukaren sine behov.
- Arbeidsoppgåver knytt til hushaldsmedlemmer utanfor vedtaket.
- Reise og opphald for assistentar
- Brukaren, eller ein godkjent pårørande/verje, må kunne ta på seg rolla som arbeidsleiar.
- Som hovudregel er rolla som arbeidsleiar ikkje løna.
- Kommunen er ansvarleg for kvaliteten i tenesta og kan opprette tilsyn ved behov.
- Kommunen bistår med rekruttering av personlege assistentar.
- Kommunen dekker løn og driftsutgifter knytt til BPA-ordninga.
- Tenesta blir vurdert saman med, eller i staden for, anna tenestetilbod. Dersom behovet for helse- og omsorgstenester endrar seg, kan BPA-vedtaket bli vurdert på nytt.
Kommunen har tenestekonsesjonsavtale med følgjande BPA-leverandørar:
- Mio BPA AS
- Prima Assistanse AS
- Stendi AS
- Uloba – Independent Living Norge SA
- Human Care AS
- JAG Assistanse
- Aberia Omsorg AS
- Ecura hjemmetjenester og BPA AS
- Medvind Assistanse AS
- Assent AS
- Assister meg AS
Slik søkjer du
Du kan søkje om BPA ved å sende inn søknadsskjema eller kontakte tildelingskontoret for rettleiing.
Søk om helse- og omsorgstenester digitalt
Søkja på papir?
Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:
Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)
Send papirskjema til:
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering
Opheimsgata 31
5750 Odda
Søknadsfrist
Det er inga fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.
Pris
BPA er gratis for brukaren. Kommunen dekker kostnadene for tenesta.
Kva skjer vidare?
Når søknaden er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.
Klage
Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.
Lover og reglar
- Helse- og omsorgstenestelova § 3-8, jf. § 3-1 punkt 6, bokstav b.
- Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1d.