Bli ei demensvennleg bedriftKommunen tilbyr gratis kurs til bedrifter og organisasjonar som ønskjer å læra meir om korleis dei kan møta personar med demens på ein god måte. Målet er å skapa eit meir inkluderande lokalsamfunn. Sist endra 30.10.2026 08:39 Kva er dette?Å vera ein demensvennleg kommune handlar om å auka kunnskapen om demens. Gjennom eit kurs på cirka 1,5 timar får de praktisk kunnskap om korleis de kan møta personar med demens med forståing og respekt. Dette gjer at personar med demens kan meistra daglege aktivitetar betre og leva meir aktive liv.Vi kan halda kurset hos di bedrift, ta kontakt for å gjera ein avtale. Vi samarbeider med Nasjonalforeningen for folkehelsen om denne ordninga.Kven er kurset for?Kurset er for lokalt næringsliv, organisasjonar og offentlege tenester som møter publikum i kvardagen. Dette kan til dømes vera butikkar, apotek, bibliotek, kollektivtrafikk, drosjar og kaféar.Slik bestiller de kursOm bedrifta eller organisasjonen din ønskjer meir informasjon eller vil bestilla kurs, tek de kontakt med demenskoordinatoren vår. Laster... Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere. Kva kostar det?Kurset er heilt gratis.Kva skjer etter kurset?Alle deltakarar får eit kursbevis når kurset er ferdig.Når minst 50 prosent av dei tilsette i ei bedrift har gjennomført kurset, får verksemda eit klistremerke. Dette kan de henga godt synleg ved inngangen for å visa at bedrifta er demensvennleg.