Målgruppe
Kurset er retta mot næringsliv, organisasjonar og offentlege instansar som møter publikum i kvardagen, til dømes butikkar, apotek, bibliotek, kollektivtrafikk, drosje, kafe og liknanade.
Varigheit
Kurset varer i ca 1,5 timar.
Når og kvar
Kurset blir halde hos di bedrift eller organisasjon etter avtale, eller på felles arrangement som vert annonsert av kommunen.
Kostnad
Kurset er gratis.
Demensvennlege bedrifter
Alle deltakarar får kursbevis etter gjennomført kurs. Når minst 50 prosent av dei tilsette i ei bedrift har gjennomført kurset, får verksemda eit klistremerke som kan plasserast godt synleg, til dømes ved inngangen. Dette viser at bedrifta er demensvennleg.