Føremålet med undersøkinga

Føremålet er å fange opp personar med smittsam lungetuberkulose. Desse vil ikkje bli oppdaga med mindre arbeidsgjevar eller personen sjølv tek direkte kontakt med kommunen. Det viktigaste er å sikre at personar med symptom som kan gje mistanke om tuberkulose, blir undersøkte med røntgenbilete av lungene. Typiske symptom er hoste i meir enn 2–3 veker, vekttap og feber.
Tuberkuloseundersøking
Personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal opphalde seg meir enn tre månader i Noreg, har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking. For arbeidsinnvandrarar skal dette gjennomførast snarast mogleg, og helst innan 4 veker etter innreise.
Tuberkuloseundersøkingar etter forskrifta skal vere utan kostnad for den som har plikt til å gjennomgå undersøkinga.
I Noreg vert det vanlegvis teke ei blodprøve (IGRA) for å undersøkje om personen er smitta med tuberkulose.
Liste over land med høg og særleg høg førekomst av tuberkulose vert halden oppdatert av Folkehelseinstituttet (FHI).
Arbeidsgjevar har eit ansvar
Politiet skal informere kommunen om kva personar som skal gjennomgå tuberkuloseundersøking. Slik melding kan likevel kome seint på grunn av ventetid hos politiet.
Arbeidsgjevarar som tek inn arbeidskraft frå land med høg førekomst av tuberkulose, vert derfor tilrådde å kontakte legekontor i kommunen direkte for å melde frå om behov for undersøking, slik at dette kan gjennomførast tidleg.
Ved kortvarige opphald og sesongarbeid
Arbeidsinnvandrarar med kortvarig opphald på mindre enn 3 månader, til dømes sesongarbeidarar, er også tilrådde å gjennomgå tuberkuloseundersøking ved første gongs opphald i Noreg dersom dei kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose. For desse er undersøking ikkje pliktig, men ei tilråding.
Praktisk informasjon
Arbeidsgjevar skal kontakte det legekontoret som ligg nærast arbeidsplassen. Dette er for å fordele pasientane mellom legekontora.
Arbeidstakar må ha fått D-nummer før undersøking kan bestillast.
Blodprøve kan takast måndag, tysdag eller onsdag.