Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen er medisinskfagleg rådgjevar i kommunen. Kommuneoverlegen gjev råd og rettleiing om folkehelse, smittevern og helsefarlege forhold i miljøet.

Treng du akutt hjelp eller time hjå lege? 

Kommuneoverlegen behandlar ikkje pasientar. 

  • Ring 113 med ein gong dersom det er akutt og står om liv.
  • Ring legevakta på 116 117 dersom det hastar.
  • Ta kontakt med fastlegen din for vanlege medisinske spørsmål og oppfølging av helsa di.

Kontaktinformasjon til fastlegekontora og legevakt

Kva gjer kommuneoverlegen?

Kommuneoverlegen har ansvar for samfunnsmedisinsk arbeid i kommunen og gjev medisinske råd til både innbyggjarar, politikarar og tilsette.

Kommuneoverlegen skal blant anna:

  • gje råd og rettleiing omfolkehelse til alle avdelingane i kommunen
  • gje medisinske råd i saker etter folkehelselova, til dømes innan miljøretta helsevern 
  • avgjere om nokon må undersøkjast av lege mot sin vilje, dersom ein mistenkjer at personen har ein alvorleg psykisk sjukdom og ikkje tek imot nødvendig helsehjelp
  • ta raske avgjerder i akutte situasjonar som gjeld smittevern, miljøretta helsevern og helseberedskap 

Meir informasjon

Viss du er uroa for nokon, eller har spørsmål om miljø og smittevern, finn du meir informasjon på eigne sider:

Lover og reglar

Arbeidet til kommuneoverlegen er styrt av lovverk og nasjonale føringar: