Kva er dette?
Fysioterapi er eit tilbod for deg som har nedsett funksjon eller plager i kroppen på grunn av skade, sjukdom eller smerter. Målet er at du skal meistra kvardagen din best mogleg og klara deg sjølv.
Du kan få hjelp til:
- undersøking og vurdering av funksjonen din
- behandling og oppfølging åleine eller i gruppe
- opptrening og meistring (habilitering og rehabilitering), både heime og på institusjon
- rettleiing og opplæring til deg, pårørande og andre fagfolk
- hjelp til å finna og tilpassa hjelpemiddel
- gruppetrening
- lindrande behandling ved alvorleg sjukdom (palliativ behandling)
- anna førebyggjande helsearbeid
Kven kan få tilbodet?
Tilbodet gjeld for alle aldersgrupper:
Slik søkjer du
Du treng ikkje tilvising (henvisning) frå lege for å få time hos fysioterapeut. Både du sjølv, pårørande eller fagfolk kan ta kontakt direkte.
- Opne Kontaktskjema fysioterapi
- Fyll ut opplysningane om kva du treng hjelp til.
- Send inn skjemaet digitalt.
Dersom du ikkje kan nytta det digitale skjemaet, kan du ringja til oss på telefon 53 65 45 30 eller møta opp på eit av kontora våre.
Kva kostar det?
Prisar og takstar
Kommunen nyttar faste nasjonale takstar for fysioterapibehandling. Desse gjeld både for fysioterapeutar tilsette i kommunen og for fysioterapeutar med driftsavtale. Kva du betaler, kjem an på kva behandling du får.
Kva skjer dersom du ikkje møter eller avbestiller for seint?
Dersom du ikkje møter til avtalt time utan varsel, eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid, kan du krevjast for inntil full honorartakst for undersøkinga eller behandlinga.
Kven slepp å betala eigendel?
Dei fleste må betala ein eigendel hos fysioterapeut, men du slepp å betala dersom du:
- er under 18 år
- har ein godkjend yrkesskade
- har frikort for helsetenester
Korleis fungerer frikort?
Du får delvis stønad til å dekkja utgiftene dine til undersøking og behandling. Fysioterapeuten melder inn betalinga di direkte til Helfo. Når du har nådd eigendelstaket, får du automatisk frikort.
Sjå Informasjon om eigendel hos fysioterapeut
Kva skjer etter at du har tatt kontakt?
Me registrerer førespurnaden din på ei venteliste og vurderer kven som treng hjelp først. Ein fysioterapeut tek deretter kontakt med deg for å avtala vidare oppfølging.
Kontakt
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta.
I kommunen finn du både fysioterapeutar som er tilsette i kommunen, og private fysioterapeutar som har avtale med kommunen (driftsavtale).
Kontaktinfo til fysioterapautane