Svangerskapsomsorg

Svangerskapsomsorga er eit tilbod til deg som er gravid, og partnaren din. Gjennom heile svangerskapet får de helsekontrollar, informasjon og samtalar.

Kva er dette?

Du får helseoppfylging gjennom svangerskapet for å sikre at du og barnet har det bra. Kommunen har ein avtale med Helse Fonna. Det betyr at det er jordmødrene ved jordmor- og barseleininga på Odda sjukehus som har ansvaret for tenesta.

Du finn mykje god informasjon om svangerskap, fødsel og barsel på Helse Fonna sine nettsider for jordmor og barsel i Odda.

Helse Fonna: Jordmor og barsel, Odda

Kva kostar det?

Helseoppfylging ved graviditet er eit gratis offentleg tilbod.

Slik får du tilbodet

Du vel sjølv om du vil gå til jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse under svangerskapet. Vi rår deg til å ta kontakt så tidleg som mogleg. Nasjonale retningslinjer tilrår at du har den første kontrollen mellom veke 6 og 12.

  1. Ta kontakt med helsestasjonen, jordmor eller fastlegen din på telefon.
  2. Bestill time for første svangerskapskontroll.

Kva skjer etter at du har tatt kontakt?

Vi gir deg time raskt. Du får time seinast ei veke etter at du har tatt kontakt med helsestasjonen eller jordmor.

Lovar og reglar