Helsestasjon 0-5 år

Helsestasjonen er eit gratis tilbod til alle barn mellom 0 og 5 år og foreldra deira. Her får de rettleiing, helseundersøkingar og vaksinar som følgjer utviklinga til barnet.

Om helsestasjonstilbodet 0-4 år

Tilbodet følgjer eit fast program med 14 undersøkingar frå barnet er nyfødt til det er 4 år. Det inkluderer eit heimebesøk rett etter fødselen. Målet er å gje barnet ein trygg oppvekst, fremje god helse og trivsel, og å førebyggje sjukdom og skade.

På helsestasjonen møter de fagfolk som helsesjukepleiar, jordmor, lege, psykolog og psykisk helsearbeidar. Vi samarbeider også med barnehagar, fysioterapeutar, barnevern og andre tenester for å gje de den hjelpa de treng.

Er barnet sjukt?

Helsestasjonen behandlar ikkje sjuke barn. Dersom barnet ditt treng legehjelp, må du kontakte fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117.

Kven er tilbodet for?

Tilbodet gjeld for alle barn i alderen 0 til 5 år. Vi har helsestasjonar i Jondal, Kinsarvik, Odda, Røldal og på Utne.

Slik får du tilbodet

Du treng ikkje å søkje om plass. Når de har fått barn, får vi melding frå sjukehuset. Ein helsesjukepleiar ringer deg for å avtale eit heimebesøk 7–10 dagar etter fødselen.

Etter dette sender helsestasjonen deg innkalling til dei faste kontrollane på SMS, eller vi ringer deg.

  1. Meld frå i god tid viss de ikkje kan møte til avtalt time.
  2. Ta kontakt med oss viss du er ny i kommunen eller ikkje har fått innkalling.
  3. Du må alltid ringje og avtale tid på førehand dersom du ønskjer ein samtale utanom dei faste kontrollane. Helsesjukepleiar har ikkje drop-in-timar.

Kva kostar det?

Helsestasjonstilbodet er eit gratis offentleg tilbod.

Oversikt over kontrollar og metodar

Her kan du sjå kva som skjer på dei ulike kontrollane, og kva metodar vi bruker for å følgje opp deg og barnet ditt.

Kontakt

Her finn du oss

Lovar og reglar

Nyttige lenkjer