Hardanger barnevernsteneste

Hardanger interkommunale barnevernteneste er den felles barneverntenesta for kommunane Ullensvang og Eidfjord. Barneverntenesta skal bidra til at du som barn eller ungdom får trygge oppvekstvilkår. Vi passar på at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får den hjelpa og omsorga dei treng til rett tid.

Korleis kan barnevernet hjelpa deg?

Sjå videoen på andre språk: Soomaali - русский язык - Türkçe - Polski - اُردُو‎ 

Du kan også lesa meir om kva barnevernet gjer på nettsidene til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet:

bufdir.no: Hva gjør barnevernet?

Kven kan melda frå til barnevernet?

Både du som privatperson og personar som jobbar med barn, kan melda frå dersom dei er urolege for eit barn eller ein ungdom.

Når vi i barnevernet får ei slik melding, vurderar vi om vi skal starta ei undersøking. Dersom vi ønsker å undersøkja saka nærare, tek vi kontakt med familien.

Les meir om bekymringsmelding og korleis du meldar frå

Slik tek du kontakt med oss

Du kan ta kontakt med barnevernet på fleire måtar:

  • Ring oss på telefon
  • Send e-post (pass på at du ikkje skriv personsensitive opplysningar) eller brev 
  • Møt opp personleg

Som barn eller ungdom kan du sjølv ta direkte kontakt med oss og be om hjelp. Dersom det gjer det lettare for deg, kan du også be ein lærar, helsesjukepleiar eller ein annan vaksen du stoler på, om å hjelpa deg med å ta kontakt.

Alarmtelefonen for barn og unge (116 111)

- er barnevernet sin døgnopne svarteneste for barn og unge. Vaksne som er urolege for eit barn, kan òg ta kontakt.