Barnekoordinator

Barnekoordinator skal sikra meir samanhengande og betre koordinerte tenester til barn og ungdommar som har alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne.

Kven kan få tilbodet?

Tenesta er tilbod til barn under 18 år som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. De kan få innvilga barnekoordinator før fødselen, og det er ikkje eit krav at barnet har fått ein diagnose. Kommunen har plikt til å tilby barnekoordinator fram til barnet fyller 18 år, men vi kan velja å forlenga tilbodet utover 18 år.

Kva gjer ein barnekoordinator

Ein barnekoordinator kan hjelpa familien med å:

  • ha oversikt over og koordinera tenestene du og barnet har kontakt med.
  • gje informasjon og rettleiing om helse- og omsorgstenester, slik at du enklare får oversikt over rettar og pliktar.
  • gje informasjon om velferdstenester og frivillige brukarorganisasjonar.
  • få tydeleg fram stemma til barnet, slik at barnet fritt får formidla kva som blir opplevd som god og nyttig hjelp.
  • sjå til at det er framdrift i arbeidet med individuell plan (IP), dersom barnet har det.
  • styrkja det tverrfaglege samarbeidet ved å delta i koordineringsmøte.
  • gje rettleiing slik at du kan medverka i avgjerder som gjelder barnet.

Slik søkjer du

Du kan ikkje søkja om barnekoordinator som ei eiga teneste, men du skriv at du ynskjer barnekoordinator som ein merknad i søknaden om individuell plan (IP).

Søk digitalt

Søk om IP - Individuell plan (pdf)

Pdf skjema er generert ut frå det digitale skjemaet. Av den grunn kjem nokre felt dobbelt opp – du treng ikkje fylla ut informasjon x 2 i skjema.

Papirskjema skal sendast til: 
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist og kva som skjer vidare

  • Søknadsfrist: Det er inga fast søknadsfrist. Vi behandlar søknadene fortløpande.   
  • Behandling: Vi tildeler barnekoordinator etter ei heilskapleg og fagleg vurdering.   
  • Svar på søknaden: Du får svar på søknaden i den digitale postkassa di. Dersom du har reservert deg mot digital post, sender vi svaret som vanleg brev.

Klage

Dersom du meinar du har rett på barnekoordinator og ikkje fått det, kan du klage til Statsforvaltaren (jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 7-2 Klage.)

Lover og reglar