Legevakt

Legevakta gir deg nødvendig helsehjelp når fastlegen ikkje er tilgjengeleg, eller dersom du oppheld deg i kommunen og ikkje har fastlege her.

Når du treng legehjelp - kven skal du ringa?

  1. Fastlegen din: Ring fastlegen i opningstida (kvardagar kl. 08:00 - 15:30).
  2. Legevakta (116 117): Ring når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta.
  3. Medisinsk nødtelefon (113): Ring med ein gong når det er akutt og står om liv.

Slik kontaktar du legevakta

Du må alltid ringa oss før du kjem, slik at vi kan tildela deg ein time. Då kan vi vera førebudde og vurdera kor raskt du treng hjelp. Vi kan òg gi deg råd eller løysa problemet over telefon eller video.

Når du ringjer, ber vi om at du oppgir fullt namn og personnummer slik at vi får registrert deg.

Ring legevakta på 116 117

Opningstider

Sjukepleiarar bemannar legevaktstelefonen heile døgnet, alle dagar. Lege har vakt på følgjande tider:

  • Kvardagar: kl. 15:30 - 08:00
  • Laurdag, søndag og heilagdagar: kl. 08:00 - 08:00 (heile døgnet)

Har du ikkje fastlege i kommunen?

Oppheld du deg i Ullensvang utan å ha fastlege her, kan du ringa oss på 116 117 eller kontakta nærmaste legekontor i opningstida (kvardagar kl. 08:00 - 15:30).

Oversikt over legekontor i kommunen

Praktisk informasjon

Practical Information / Praktisches

Ullensvang legevakt

Lokalisert på Odda Sjukehus (Helse Fonna)

  • Adresse: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda 
  • Inngang: Inngang på høgresida av bygget

Telefon: 116 117

Opningstider:

  • kl. 15:30 – 08:00 – kvardagar
  • kl. 08:00 – 08:00 – laurdag, søndag og heilagdagar

Akutt medisinsk nødtelefon: 113

Har du ikkje fastlege i kommunen?
Ta kontakt med oss på 116 117  eller ring næraste legekontor (kvardagar kl. 08:00 – 15:30).

Legekontor i kommunen

Her finn du oss

Merk: Inngang på høgresida av bygget

Utklipp av eit kart der det er markert inn med pil kvar inngang til legevakt er i kommunen. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete